[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Poeng etter sterk sluttspurt

Forfatter: Jan Fuglesteg

19. juni 2012

Fotball
News article image

Etter å ha kome under 3-0 ved pause for den suverene serieleiaren tok Fjøra tak i 2. omgang og etter 90 spelte minuttar stod det 3-3. Ei særs sterk opphenting mot eit godt mannskap.

Me har fått følgjande oppsummering av trenar Kjell Ertesvåg:

" Me startar kampen best, og trykker SIL bakpå, men så smell det 2 gonger ved Stian Dyngeland og 0-2. Mål pregar kampar vert det hevda, og etter desse skåringane fungerar svært lite, samstundes så SIL fekk den gode sjølvkjensla. 0-3 kom og i løpet av omgangen.

I pausen var fokuset om det å ha TRUA på at me kunne snu dette. Me vart og samde om å slå langt for å krige oss innatt i kampen, og sakte men sikkert pressa me SIL over på deffansiven. Og etterkvart kom måla, og kampen enda 3-3. Etter ein slik kamp sit ein att med blanda kjensler. Fornøgd med at me får med oss eit poeng og at me jobbar oss innatt i kampen, men samstundes skuffa over at me slepp SIL for lett til i 1. omgang. Me kan ikkje gi eit så godt lag tid og plass, då vert me straffa, noko me og vart. Ser ein kampen under eit, så var uavgjort eit ok resultat.
"

Neste kamp for Fjøra er alt på førstkomande fredag då Fjøra tek turen til Dingemoen og Dale.



KAMPFAKTA

Fjøra FK - Sogndal II 3-3 (0-3)

Mål:

0-1, Stian Dyngeland, 11 min
0-2, Stian Dyngeland, 14 min
0-3, Anders Hjeltnes, 30 min
1-3, Tor Ove Anuglen, 62 min
2-3, Vegard Fardal Nes, 81 min
3-3, Ola Egge Ødegaard, 87 min (str.)

Gult kort:
Sebastian Tveten Eriksen, Fjøra

Domartrio:
Dan Kåre Esp, Eikefjord IL. Assistentar: Frank Heggestad, Veitastrond IL og Thor Kristian Sortevik, Svelgen T&IF.

Tilskodarar:
Ca 150 stk

Fjøra (4-2-3-1): Bjarte Hovland - Jørn Kvalvik (Torbjørn Ylvisåker frå 46. min), Tor Ove Anuglen, Vegard Fardal Nes, Ola Egge Ødegaard - Kenneth Nondal (Johan Vorgaard frå 55. min), Ole Morten Kvam, Espen Granlund (Roger Hjellhaug frå 46. min), Sebastian Tveten Eriksen - Magnus Hunemo og Anders Hella

Sogndal II IL (4-4-2): Leif Kvamme Lysne - Sigurd Singelstad, Halvor Fretland, Tommy Øren, Kristian Nornes - Sindre Rydvang (Mats Nondal frå 68. min), Thomas Ness, Bjørnar Hove, Karsten Bjelde - Stian Dyngeland og Anders Hjeltnes (Nicklas Sjølie Af Geijerstam frå 80. min)