[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra vs Studentspretten 5-1

Forfatter: Eirik Stedje

18. februar 2018

Fotball
News article image

Fjøra går sigrande ut av lokalderbyet mot studentspretten

Foto: Sogn Avis

Laurdag kveld den 17.02 brake det laust i sognahallen med lokalderby mellom Fjøra og Studentspretten. Dei vel 130 tilskodarane som møtte opp fekk servert ein jamnspelt kamp, der begge lag hadde sine sjansar. Men til slutt var det fjørene som drog sigeren i land, og kunne dermed innkassere ein ny seier etter 5-1 ved full tid. Espen Outzen og Malvin Gjerde sette inn måla for Fjøra.

Fjøra fekk ein pangstart på kampen då Espen Outzen etter 4.min mottok ein ball frå Lerheim Olsen og med eit langskot sette inn 1-0. 10.min seinare følgde goalgetter Malvin Gjerde opp med ein tapp inn frå 2meter, etter at Eirik Kristoffersen leverte eit nydeleg frispark inn i feltet. Spretten reduserte i det 27.min til 2-1 på ein corner der fjøra spelarane svikta litt i markeringa. Nokre  minutt seinare fekk eit par studentspretten spelarar prøvekøyra «Malvin-karusellen» før sesongen, då Malvin sette inn 3-1 etter eit lekkert dribleraid. Same mann la på til 4-1 med straffescoring. I det 81.min serverte Eirik Kristoffersen eit nytt innlegg, denne gong på pannebrasken til Malvin Gjerde som sette ballen utagbart i det venstre hjørna. Gjerde fastsette sluttresultatet på 5-1 med sin 4 scoring for kvelden, ein svært imponerande førestilling av Vossingen.    

Kort oppsumert gjennomførte Fjøra ein godkjent kamp, der me tok godt vare på sjansane våre kombinert med eit solid forsvarsspel. Studentspretten er eit bra lag som truleg vil kjempa i toppen av 4.divisjon, og sjølv om resultatet på 5-1 lyg litt er det definitivt noko me tek med oss vidare. Nokre slitne bein var det å sjå utpå matta, so ei litt rolegare treningsveke no vil gjera godt inn mot neste treningskamp, som spelast på bortebane mot Årdal den 28.02.       

Kampfakta:

Kamptidspunkt: Laurdag 17.02 kl. 17.00

Arena: Sognahallen

Turnering: Treningskamp

Dommar: Ukjend

Fjøra vs Studentspretten 5-1 (3-1)

1-0   4 min Espen Outzen (Andreas L.O.)

2-0  14 min Malvin Gjerde (Eirik Kristoffersen)

2-1  27 min Ukjend

3-1  35 min Malvin Gjerde (Sindre Thue)

4-1  79 min Malvin Gjerde (Espen Outzen)

5-1  81 min  Malvin Gjerde (Eirik Kristoffersen)

Gult kort: Steffen Olsen

Fjøra (4-3-3):

Håvard Mjelleli (Bjarte Hovland frå 75.)

Brage Navarsete

Mathias Flo (Erik Loftesnes frå 45.)

Sondre Loftesnes

Eirik Kristoffersen

Håvard Stedje (Elias Saltnes frå 75.)

Sindre Thue

Steffen Olsen (Anders Veum frå 86.)

Espen Outzen

Malvin Gjerde

Andreas L.O.  (Arild Underdal frå 45.)

Benken:

Erik Loftesnes, Arild Underdal, Elias Saltnes, Anders Veum og Bjarte Hovland