- Tabellposisjon betyr null og niks
Forfatter: Jan Fuglesteg
25. august 2012
I ettermiddag er det klart for ein skikkeleg rakkarøkkare i Sogndal kommune. Fjøra tek den korte turen bort på Skogen for å møta Kaupanger.
Me har fått følgjande kommentar frå trenar Kjell Ertesvåg framfor dagens lokaloppgjer:
" Då er me klar for nabooppgjeret mot KIL. Desse oppgjera er normalt prega av spenning, underhaldning, og kampane pleier vere jamne. Dette trur eg denne kampen vert og. Etter 10 kampar utan tap kom tapet mot Sandane, ein kamp me burde vunne, men det var dagen då det var litt marginar mot, mot eit godt lag som var betre enn oss i avgjerande situasjonar.
KIL har 4 strake tap etter ferien, og er garantert ute etter å snu trenden.
Tabellposisjon og tidlegare prestasjonar betyr null og niks her, det er det laget som vil mest og presterar best mellom 15.00 og 16.45 som stikk av med 3 poeng.
Treningane denne veka har synt at kvaliteten til å prestere godt er der, handlar det om å få det ut i kamp. "
Me kjem ikkje til å overføra kampen live på fjora.no. Men me anbefalar sjølvsagt folket til å ta den korte turen til Kaupanger stadion for å laga ei ekstra fin ramme rundt denne kampen. Har du ikkje høve til dette kan live-overføringa på firda.no vera eit alternativ.