[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fyllings hörna

Forfatter: Jan Fuglesteg

17. februar 2013

Fotball
News article image

Daniel Fylling har sendt oss spelarbørsen for gårsdagens håkkikamp mot Årdal FK:

Børs Fjøra - Årdal FK - 16.02.2013

Burde vel egentleg blitt skreve ein børs for kvar omgang idag, men...

XI:

Bjarte Hovland - 6
Har ingenting å finna på dei første 40 min, men krydrar kampen med fine utspark og er roleg under press. Kan vel ikkje lastas for så mange av måla, då forsvarsslinja til tider såg ut som ein to-radar etter ungkarsfestivalen i Suldal. Meget pen redning på slutten av kampen der han viser at han fortsatt er ein gammal tiger.

Kristian Nornes - 4
Ikkje fullt så sint i denne kampen, sjølv om han utveksla eit par ord med årdaltrenar Øy. Er som resten av laget bra dei første 40, der han er på fleire gode overlappar, men veldig "av" etter dette. Burde kanskje begrense dei offensive initiativa litt i 2 omg. då laget slit veldig defensivt. Kjem garantert tilbake sterkare og sintare til neste kamp!

Øystein Wilkensen - 4
Veldig god med ballen når Fjøra køyrer kampen, men slit, som alle andre, i 2 omg. Kan og bør ta meir ansvar utover, men lengtar nok tilbake til midtbaneposisjonen sin, som han nok hadde spelt i om ikkje alle dei opprinnlege midtstopparane var hypokondarar.

Jørn "Dave Kitson" Kvalvik - 5
Startar kampen enormt bra og leikar med spissane til Årdal både offensivt og defensivt. Går inn i ein felles transe med resten av forsvarslinja 2 omg. Faktisk nære mål også i denne kampen! Heilt sjukt!

Eilert "Powerbrox" Holme - 5
Ikkje akkurat kongen av overlapp, men følte seg "uggen" og stod opp berre 2 timar før kamp. Klarar seg veldig fint 1.omg. der han er sikkerheiten sjølv defensivt. Får pluss for å fortsette å spele med blod i nasen på 3-0. Får trekk for å bytta seg sjølv ut med "ilt i foten" på 3-6, men igjen pluss for fin flikk før byttet.

Ola Egge Ødegård - 4
Idag var Ola og ballen ikkje særleg gode venner. Der Ola ville til venstre, ville ballen til høgre og vica versa. Av og til stoppa ballen med vilje opp når Ola ville framover. Lumpent og dårleg gjort. Ola tvang allikvel fram 2 ferdigsskora assist, men det er berre slik Ola er. Fekk intillegg has på ballen eit par gongar når han var i lufta. Latterleg timing og spenst på den vetle vossafåren, men håpar han godsnakkar litt med ballen på trening fram mot neste kamp.

Olve Theodor Øvestetun - 5
I fare for å gjenta meg sjølv, så var Olve veldig god i 40 min, og minst 2 hakk ikkje-så-god etterpå, men dette var vel gjennomgangsmelodien for heile laget. Blir takla fleire gongar av slemme årdøler og måtte diverre gi seg med ein skade rett før slutt. Håpar for både Fjøra og Olve sin del at dette berre var ein smell.

Kenneth Nondal - 5
Mykje nesten idag for den tidligare aviskongen, men minst eit hakk bedre enn forrige kamp, noko som tyder på at Kenneth sakte , men sikkert sig i form mot sesongstart. Pluss for kjempemål!

Knut Ola Høvik - 7
Regelrett pissa på sinte årdøler i 1 omg. der 2 målet er av høg klasse! Får egentleg trekk for å ta straffe etter å ha blitt felt sjølv, men lar dette passere sidan han skora. Litt av i starten av 2, men vansklige arbeidsvilkår. God i link-upspelet kampen igjennom og kanskje den einaste som ikkje sovna i andre omgang. Fjøra's beste.

Håvard T. Lilletvedt - 4
Som kantkamerat Nondal, mykje neste med Håvard, men kan kanskje ta litt meir defensivt ansvar. God så lenge Fjøra har ballen i laget. "Råtassen" fekk sjølsagt eit fortjent gult. =)

Mats Nondal - 5
Jobbar som ein galeislave fremst og plagar Årdal i 1.omgang, men får som Knut veldig dårlege arbeidsvilkår i andre, då laget fell litt i saman. Kan kanskje bli litt hvassare og besluttsom på siste 3.del, men dette kjem nok.

Innbyttarar:

Frode Kvam - 5
Verdens beste sklitaklande spiss kom inn som høgrekant og fekk takla ballen perfekt utover sidelinja ved fleire høve. Kom på ein del fine løp, men føttene til Frode høver tydlegvis bedre til taklingar enn innlegg.

Per Eirik Lunde - 5
Kom inn på litt ugunstig tidspunkt då Fjøra hadde sluppet inn 5 mål på 18 min, men klarar seg veldig fint som stoppar den tida han får og har fleire gode oppspel i mellomrommet.

Magnus Hunemo - 5
Magnus ville egentleg ikkje innpå idag då han tykte det var veldig kaldt i hallen, men traska seg motvillig i oppvarming med 15 min. igjen å spele. Heldt godt på ballen og flink til å spele andre gode.

Pauseunderhaldning:

Daniel Fylling - 5
Har eit skyhøgt toppnivå på triksingen sin, men prøvar på veldig mykje vanskeleg å lykkas ikkje med alt. Har likevel eit par småfrekke triks, noko som gjer han meir publikumsvennleg enn makker Kjos.

Sindre Kjos-Wenjum - 6
Kjosaguten er heime på vinterferie og var ivrig på å vise seg fram. Køyrer mange "safe" triks, men får pluss for å foreslå/vise eit heilt nytt triks.