[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch: Lærdal IL - Fjøra FK

Forfatter: Jan Fuglesteg

09. mars 2012

Fotball
News article image

Fjøra har eit hektisk kampprogram no i mars og i dag tek Fjøra turen over Sognefjorden for å møta Lærdal IL sine menn på kunstgraset. Fjøra møter også Lærdal i seriepremieren.

Fjøra har vist fin-fin progresjon i utviklinga si denne vinteren og kjem frå ein sterk 3-0 siger over TMFK. Med det resultatet helt Fjøra nullen for første gong i år og det er me meget nøgde med. Offensivt skapar laget mykje. Sjølv om framgangen har vore god frå kamp til kamp så handlar det om å få stabilisert prestasjonane samt heile tida strekka seg etter å bli betre.

Me skal ta med litt om skadestatus i troppen. Brørne Stian og Ole Marius A. Solberg slit begge med knekt finger, men er venta attende i full trening komande veke. Jørn Skjeldestad slit med ryggen og ventar svar på gjennomført MR. Han er truleg ute ein periode. Tor Ove Anuglen slit med strekt leddband i kne, og han har vore ute ein liten periode. Er venta attende i trening om 1-2 veke. Ole Morten Kvam har brest i eit ribbein, men er attende i neste veke. To nye mann på indispopnibel-lista etter treninga i går og det er Arild Underdal (legg) og Espen Granlund (sjuk)

Me har fått følgjande førehandsinformasjon frå Kjell Ertesvåg:

" Fokuset er likevel på dei me har disponible, og at me skal lyfte oss ytterlegare frå sist. Fleire og fleire byrjar å komme i god form, og det har vore god kvalitet på treningane. Hovudfokuset er at me skal vere tryggare med ball, unngå å spele den for lett ut av laget, samt at me må ha tempo i ball, og få brukt heile banebreidda. Deffansivt skal me prøve å halde rammene, og vere nøyaktige i arbeidet vårt.

Me gledar oss til å møte Lærdal, det er dette laget med møter i serieopninga og
".

Fjøra stiller med følgjande tropp mot Lærdal i kveld:

Håvard Kristiansen Bøyum, Jørn Kvalvik, Torbjørn Ylvisåker, Vegard Fardal Nes, Roger Hjellhaug, Sebastian T. Eriksen, Marius M. Aaberge, Ørjan Hjellhaug, Kenneth Nondal, Noah Kellerhals, Anders Hella, Daniel Fylling og Ola Egge Ødegaard

Dette er etter det me kjenner til første treningskamp for Lærdal denne vinteren. Lærdal berga plassen sin greit i fjor med ein 8. plass. Lærdal er i 2012 inne i sin 6. sesong på rad i 4. divisjon. Me hugsar alle at Lærdal i 2005 kjempa ein hard kamp med Fjøra II om å vinna 6. divisjon avdeling Sogn, der Fjøra til slutt vann. Fjøra II trekte laget sitt frå kvalifiseringa til 5. divisjon og Lærdal fekk då sjansen. Den tok dei vare på, kvalifiserte seg til 5. divisjon 2006. Der vart dei nummer 2 bak Vik og rykka dermed opp frå 6. til 4. divisjon på kortast mogleg tid. Kampen i dag vert truleg også eit gjensyn med Ole Johnny C. Voll (bildet) som spelte for Fjøra i 2010-sesongen.

Når det gjeld seriekampar mellom førstelaga så lyt me heilt attende til Fjøra sin debutsesong, nemleg 1974. Då vann Lærdal 5-0 heime på Øyri, medan det vart 2-2 heime i Sogndal. Lærdal rykte opp og brukte rimeleg kort tid på å spele seg oppover i divisjonssystemet - faktisk heilt opp i det som i dag tilsvarar 2. divisjon. Etter mitt syn er dette ein av dei største sportslege bragene i fylket når det gjeld herrefotball.

Grunna gjestabod så er det svært usikkert om det vert noko live-overføring frå kampen mot Lirdal i dag. I alle fall, kampen går på kunstgraset inne i Lærdal og startar kl 19:00.