[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Volda - Fjøra 2-2

Forfatter: Fjøra FK

28. mai 2016

Fotball
News article image

Poengdeling i tordenver og styrtregn i Volda

Det vart til slutt 2-2 og poengdeling i ein litt rotete fotballkamp mot Volda. Volda hakket betre enn Fjøra i starten og etter 14 minutt gjekk heimelaget opp i leiinga før dei i minuttane etterpå pressa Fjøra bakpå og fort kunne auka til 2-0. Halvvegs ut i omgangen kom Fjøra litt meir med og etter halvtimen sette Mathias Flo inn ein retur frå Trond Vegard Ripe. 1-1 til pause og då kom styrtregnet og toreveret for fullt.

Tolv minutt ut i andre omgang gav Kenneth Skjerven Fjøra leiinga men etter 75 minutt  fekk heimelaget straffe. Lysne heiv seg så lang han var og heldt ballen. Tre minutt seinare spelte Volda seg fint fram på si høgreside og framfor mål stod Kenneth Hole og utlikna leiinga til Fjøra.

Uavgjort 2-2 var eit greitt resultat i ein jamn kamp. Ingen av laga fekk spelet sitt til å sitta skikkeleg i ruskeveret men innsatsen var det ingenting og sei på.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Lørdag 28.05 kl 15.00

Arena: Volda stadion

Turnering: Seriekamp

Dommar: Even Myrheim

Volda – Fjøra  2-2 (1-1)

1-0    15 min Tobias Evebø

1-1    30 min Mathias Flo (Trond V Ripe)

1-2    57 min Kenneth Skjerven (Eirik Stedje)

2-2    78 min Keneth A Hole

Gult kort: Kenneth Skjerven

Fjøra:

Leif Lysne

Ole M Bolset

Per Eirik Lunde

Arne Martin Fossland

Eirik Kristoffersen

Kenneth Skjerven

Jonas Halvorsen

Mathias Flo

Eirik Stedje

Espen Outzen

Trond Vegard Ripe (Erik Loftesnes frå 84.)