[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fylling's hörna!

Forfatter: Fjøra FK

22. mars 2013

Fotball
News article image

Etter nokre vekers fravær, var Daniel tilbake i troppen og dermed også eit nytt Fylling's hörna

Børs Fjøra - Smørås - 22.03.2012


Gladbørs fra Bergen!


XI:

Håvard Bøyum - 7

Idag var Håvard skikkeleg flinke. Plukka ballar, distribuerte, snakka og kosa seg i målet sitt. Slepp inn eit mål, men kan absolutt ikkje lastas for det. Botnsolid.

Eilert - 5/6

"Benteken" befant seg idag på høgrebackposisjon, men skulle egentleg spele venstrekant, noko som var synd sidan han no ikkje fekk brukt sin eminente venstrefot. Løyste uansett oppgavene sine greit og vart sjeldent lurt. Fortsatt litt å gå på offensivt, men sparar seg nok til seriestart; då blir da berre knallharde skot i krysset!

Per-Eirik Lunde - 7

Sesongmålet til Per'en går no i positiv retning. 2-1 i plussmål no. I tillegg til scoringen var guten meget solid ilag med "Tåbben". Flink i presset og god defensivt 1v1. Kan tørre litt meir med ball, men er egentleg ingenting å utsette på systrendingen idag.

"Tåbben" - 8 (FJØRA's Beste)

Sjølv om han er eldre enn Stuart Pearce og Lee Dixon tilsaman, så synte ikkje dette idag. Var meget sjølkritisk etter Årdal-kampen, men slo so definitivt tilbake idag. Braut spelet fint fleire gongar og nesten umogleg å passere. Rett og slett god, gammaldags Tobbeklasse idag. Velkommen tilbake!


Roger Hjellhaug - 5/6

Har vel ikkje spelt kampar i år, men synte at han har brukt dei utallige rehabliteringstimane godt. Skal ha veldig skryt for å tørre å stå oppi når laget pressar. Brukbar med ball, men blir nok bedre etterkvart som vi nærmar oss seriestart. Diverre ut med skade i 2.omg, men forhåpentlegvis er ikkje dette alvorleg.

Ola Egge Ødegård (45.min.) - 5/6

Vossagangsteren fekk nye fotballsko av Vossamor før kampen idag. Desse skoa var tydlegvis ekte vossavare for makan til stjernetreff har eg aldri sett frå guten før. Fekk ein ferdigskora pasning av Fylling som han dundra opp i krysset med ytterskru! Orkar ikkje skrive noko anna om innsatsen til Ola (upåklageleg), men trur nok roomie Kvalvik vil høyre eit par nøgde vosserullar i dusjen idag.

Øystein Wilkensen - 8

Wilko har ikkje funnet seg 100% tilrette ilaget enda, noko som er vanleg når ein kjem til ein ny klubb, men viste for alvor kvifor klubben gav ein pose seigmenn og 3 kg filterkaffi for ringreven. Veldig god med ball og, etter ein litt rusken start, veldig god uten ball. Posisjonerer seg lurt og er god i 1.forsvarsjobben. Dacapo!

Olve Øvstetun (45.min) - 5/6

Spelte i ein noko ukjent høgrekantposisjon idag og, etter litt startvanskar, løyser han oppgava til meget godkjent. Er ein av dei som er flink til å spele kula, noko som er positivt. Kan bli litt flinkare til å hjelpe backen sin, men alt i alt bra.

Daniel Fylling - 6

Har sine mange klassiske pasningar mellom back og stoppar, men dessverre havnar mange av dei enten bak dødlinja eller i beina på motstandarane.Jobbar godt som bindeledd mellom spiss og midtbane, og stressar som vanleg ikkje med ballen i beina. Fleire positive involveringar og ein heldig assist.

Kenneth Nondal (45.min) - 5

Idag var Nondalen litt tilbake til gammal storheit i periodar, men sidan eg veit kor god Kenneth kan vera er eg litt streng med karakteren. God med ballen, men kan bli enda råare til å utfordre på kanten. Lovande!

Ørjan Hjellhaug - 5

Det står ikkje på innsatsen for yngsteblad Hjellhaug, men kan bli smartarte i presset. Må jobbe litt med 1 touchet og hadde kanskje hatt godt av å roe litt ned i periodar. Ein del gode involveringar likefullt.


Innbyttarar:

Kristian Nornes (45.min) - 6

"Sinnataggen" hadde tydlegvis roa seg litt å fått ut litt aggresjon på bilturen fram for guten verka roleg både som kant og back. Lykkas med noke fine dragningar og finter = pluss i margen.

Mats Nondal (45.min) - 5/6

Stor aksjonsradius på yngste Nondalen og fint driv. Kan kanskje sleppe ballen tidlegare ved nokre høve, men dette vert for småplukk å regne.

Håvard Lilletvedt (45.min.) - 5

Litt meir usynleg enn vingmakker Nornes, men er god når han først er "på" ballen. Godjent defensiv innsats. Kanskje prøve å involvere seg litt meir neste kamp.

Arild og Jørn fekk ikkje nok speletid, men begge leverte godkjent.

Pauseunderhaldning:

Ingenting. Var for kaldt!