Jølster - Fjøra 0-0
Forfatter: Fjøra FK
19. april 2013
Fjøra serieåpna i kveld med uavgjort borte mot Jølster i ein ikkje altfor velspelt fotballkamp.
Kampen var ein relativt jamn affære der begge lag sleit med å skape dei store sjansane. Det vart litt sånn typisk første seriekamp-opplevelse, og det må også den vesle bana ta sin del av skylda for. Det var likevel Fjøra som prøvde mest og som var hakket vassare enn heimelaget. Etter om lag 15 minutt hadde Fjøra ein ball i nettet som vart annulert for offside. Kenneth Nondal sendte av gårde eit flott skot som keeper avverga med ei meget god redning. På returen sette ein offsideplassert Arild Underdal i mål, og scoringen vart dermed annulert. Fem minutt seinare var det Jølster sin tur til å få annulert eit mål, etter eit godt innoverskrudd frispark. Etter dette skjedde det ikkje så mykje før det nærma seg pause. I det 40. minutt forserte Kenneth Nondal flott framover på venstrekanten, og skaut via lengste stolpe og ut. Fint driv i den ferske bussjåføren, og me var vel fleire som såg ballen i mål der. Berre minuttet seinare kom Jølster på ein farleg overgang, men Jørn Kvalvik jobba godt heimover og fekk avverga til corner. Den påfølgande corneren enda i ein god avslutning som Bøyum fekk fista over til ny corner, praktredning av revykongen!
Mållaust til pause (naturlegvis, sidan det også vart mållaust til slutt :) ) etter ein jamn omgang. I andre omgang tok Fjøra meir tak i kampen og styrte banespelet, men det losna ikkje heilt på siste tredjedelen. Me hadde eit par farlege hjørnespark, og nokre avslutningar fra rundt sekstenmeteren til Jølster men heimelaget sin målvakt var tryggheiten sjølv og lot ikkje noko passere.
Trykket og innsatsen var heilt klart opp eit par hakk samanlikna med dei to siste treningskampane og positivt var det også at laget heldt nullen for første gang på lang tid. Me skulle gjerne sett at me klarte å skapa litt meir farlegheiter framfor målet til Jølster også, så det var litt skuffelse i Fjøragarderoben over to tapte poeng. Det var mange på Fjøra som jobba godt i dag, men me vil trekka fram stopparduoen Lunde/Solberg samt Olve Øvstetun gjorde mykje bra på midtbana til Fjøra.
Me takkar Jølster for kampen og ønsker dei lykke til vidare i årets sesong
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 19.04.13 kl 19.00
Arena: Skei kunstgras
Turnering: Seriekamp
Dommar: Frode Ølmheim
Tilskodarar: Ca 30
Ver og baneforhold: Vindstille og snø i lufta. Gamletypen kunstgras
Jølster – Fjøra 0-0
Gult kort: Jølster: Brede Iversen Huus og Nikolai Skinlo. Fjøra: ingen
Jølster:
Erik Bolset – Daniel Klakegg, Gestur Gylfason, Jon Atle Heggheim, Jon Arild Halland(Marcus Gamborg fra 23.) – Bård Sandnes, Kåre Åmot, Knut Ø Ripe, Nikolai Skinlo(Omar Ismaili fra 76.) – Kristian Helle(Brede Iversen Huus fra 55.), Arild Øygard
Fjøra (4-3-3):
Håvard Bøyum- Jørn Kvalvik, Per Eirik Lunde, Ole Marius Solberg, Kristian Nornes- Olve Øvstetun, Øystein Wilkensen, Ola Ødegaard – Mats Nondal (Håvard Lilletvedt fra 73.), Arild Underdal (Daniel Fylling fra 77.), Kenneth Nondal (Roger Hjellhaug fra 86.)
Oppvarming med captain fantastic Solberg
Fair play helsing
Ein av mange midtbaneduellar
Corner til Jølster