[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Florø 2 0-2

Forfatter: Fjøra FK

11. august 2014

Fotball
News article image

Ein ok kamp av Fjøra men Florø sitt andrelag vart litt for sterke

Florø 2 vart for sterke for Fjøra og dermed stoppa sigersrekka på ni kampar for heimelaget. Me la oss litt djupare enn vanleg i ein slags 4-4-1-1 formasjon og prøvde å ligge kompakt med midtbanefiraren i dag. Det klarte me også veldig bra første halvdel av omgangen, men siste femten-tjue minuttane vart avstandane litt større samstundes som me rygga litt for mykje med forsvaret vårt. Likevel klarte me å halde Florø 2 unna dei største sjansane fram til Peter Aase scora på eit frispark etter 33 minutt. Etter dette hadde Florø 2 ein veldig god periode og trilla mykje ball medan Fjøraspelarane vart springande etter heile tida. 37 minutt ut i omgangen la Ntege Cone på til 2-0 på eit langskot og her kunne nok Fjøraforsvaret vore litt tettare oppi og hindra avslutningen.

Offensivt vart me nok litt prega av at Florø hadde mykje ball og me valde litt for ofte avklaringar kontra det å tore å holde litt i kula. Det vart derfor mykje springing etter ball i staden for springing med ball og det vart litt tungt, spesielt for midtbana vår utover i omgangen. Største sjansen vår kom etter ca halvtimen då Stenehjem måtte ut i full strekk på eit skot etter ein dødballsituasjon. I tillegg hadde Underdal ein god sjanse då han brukte fysikken og kjempa seg forbi to Florøspelarar men han kom litt for nær keeper og avslutninga gjekk til corner.

Sjølv om Florø 2 hadde mykje ball var det sjansemessig ein relativt jamn første halvtime, medan bortelaget var klart best siste kvarteret og leda fortjent til pause. I andre omgang torde me mykje meir med ball og me er mykje meir med i kampen enn i første. Florø har sine sjansar men også Fjøra har mange gode muligheiter til nettsus. Farlegast var det på dødballar eller når Underdal/Hjeltnes tok med seg Florøforsvaret på springetur.

Nærmast for Fjøra kom Hjeltnes med ein heading i tverrliggar men det vart ikkje fleire mål i andre omgang og kampen enda med fortjent 2-0 seier til Florø 2 og Nils Tore Krosshaug. Ein ok kamp av Fjøra men Florø 2 var rett og slett hakket betre enn oss i dag, og det er liten tvil om at dei har mange spelarar å ta av i kystbyen når dei kan stilla eit såpass solid andrelag. Kjekt var det å sjå Mats Nondal tilbake på fotballbana etter korsbåndskade, han gjorde sine saker bra siste kvarteret og med litt meir trening i beina vil han nok nærma seg ein plass i startellevaren.

Bonus:

3 – Knut Ola Høvik

2 – Arild Underdal

1 – Mathias Nese

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Mandag 11.08 kl 19:00

Arena: Sognahallen

Turnering: Seriekamp

Dommar: Inge Seglem

Fjøra – Florø 2  0-2 (0-2)

0-1   33 min Peter Aase

0-2   37 min Ntege Cone

Gult kort: Per Eirik Lunde (må stå over neste)

Fjøra (4-4-1-1):

Espen Staff- Mathias Bladimir N Nese, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker (Ole Morten Kvam fra 53.), Knut Ripe- Anders Hjeltnes, Knut Ola Høvik, Ole Martin Bolseth (Karlis Bremers fra 64.), Olve Øvstetun- Kees Erstad (Daniel Fylling fra 81.)- Arild Underdal (Mats Nondal fra 77.)