Fyllings hörna
Forfatter: Fjøra FK
02. juni 2013
Spelarbørs Skavøypoll-Fjøra FK
Børs Skavøypollen – Fjøra FK (1-0), 31.05.2013
Bedre-seint-enn-aldri-børs!
XI:
Håvard Bøyum – 5/6
Som vanleg ikkje all verden å ta seg til, men eit par gode redningar.
Jørn «Messi» Kvalvik – 6
Hadde på seg nye «Messi»-sko for anledningen, men levde aldri heilt opp til den argentinske ballkunstnaren. Allikevel ein solid kamp og god innsats!
Olem Solberg/Torbjørn Ylvisåker – 5/6
Det kanskje mest reduserte stopparparet som stillte til kamp denne serierunden, men begge to klarer seg meir enn godkjent. Litt slappe pasningar og litt tregt i oppspelsfasen.
Kristian Nornes – 5/6
Ingen cruyff-vendingar i dag fra ungguten. Skuffande! Ellers solid spelmessig men har, som eigentleg heile laget, litt å gå på i pasningsspelet.
Øystein Wilkensen – 5/6
I ein kamp der Poljen prøvde å sette rekord i kor lenge ein ball kan være i lufta vart det Øystein sitt ansvar å gjere det motsatte. Løyser det meste greit, men går kanskje litt seint ved nokre høve.
Knut Høvik/Ola Ødegård – 5/6
Trivdes ikkje heilt på kunstdekket i dag, men kompenserte med tastisk innsats defensivt. Begge kan bli litt flinkare til å gi fra seg ballen, men dette var ingen enkel kamp for indreløparane med lite rom.
Kenneth Nondal – 6/7 (Fjøra’s Beste!)
Beste innsatsen eg har sett fra Kenneth løpsmessig i år, men skortar enda på effektiviteten. Er allikevel den på laget som skapar mest offensivt.
Mats Nondal – 5
Fekk fornya tillit etter ein kjempekamp sist. Gjekk litt tråare i dag og kunne, med litt bedre konsentrasjon, fått med seg eit mål.
Daniel Fylling – 5
Får litt trekk for sein børs denne gangen. Vanskeleg kamp då han fekk lite rom og lite ballar og jobbe med. Kan prøva seg litt meir fra distanse samt trua litt meir bakrom. Var sint på Poljen sin trenar for den destruktive fotballen det vart lagt opp til
Innbyttarar:
Håvard Lilletvet (60 min.) – 5
Får ein halvtime på høgrekanten og bidreg til posession. Litt uheldig i nokre situasjonar, men óg ein del bra.
Olve Øvstetun (70 min.) – 5/6
Kjem inni ein litt ukjent (for meg veffal!) venstrebackrolle, men løyser det finfint. Gode pasningar og lite feil.
P.E.L (78.min) - 5/6
Kjem inn for Olem og gjer jobben dei siste minutta.
Magnus Hunemo (80.min) – 5
Får knapt spelt seg varm før dommaren bles av kampen.
Pauseunderhaldning:
Vart ikkje rapportert om noko pauseunderhaldning i dag, men Poljen-innbyttarane stod visst og dælja ballen oppi lufta…