Årdal - Fjøra 3-2
Forfatter: Fjøra FK
05. mars 2014
Fortjent tap mot Årdal
Fjøra tapte fortjent 3-2 i kveldens treningskamp mot Årdal, men det var eit unødvendig mål imot på slutten som gjorde at det ikkje endte 2-2.
I første omgang var Årdal det førande laget men stort sett hadde Fjøraforsvaret grei kontroll bakover. Godt hjulpne av dagens innleigde Årdalkeeper Mikael Eide som hadde ein enorm redning då Christian Stedje var åleine igjennom midt i omgangen. Fjøra var tamme framover og hadde altfor høg feilprosent i pasningsspelet sitt til å skape dei store sjansane. Like før pause fekk Edin Øy straffe som Strypet sette sikkert nede i hjørnet og resultatet stod seg ut omgangen. Fleire av Fjøraspelarane meinte straffen var av det billige slaget, men den burde uansett vore unngått om me hadde avklart tidlegare
Andre omgang starta betre for Fjøra og første halvdel av omgangen viste Fjøra seg frå ei mykje betre side. Åtte minutt var spelt av andre omgang då Kenneth Nondal puttar sikkert etter at Hjeltnes først hadde sett eit skot i stolpen. God periode av Fjøra som i denne perioden også skulle hatt eit indirekte frispark då Årdal sin keeper tok opp eit tilbakespel med hendene. Når timen var spelt gav Truls Hovland Årdal leiinga 2-1 men etter åtti minutt finn Kees Erstad Kenneth på bakerste og han utliknar til 2-2. Men siste 20 minuttane av kampen var det mykje Årdal og dei hadde fleire overgangar etter at me mista ballen i farlege posisjonar. Fem minutt før slutt avgjorde Truls Hovland kampen etter nettopp ein slik situasjon og like etter burde det stått 4-2 då det same skjedde ein gang til.
I lange periodar er me fullt på høgde med Årdal, men alt i alt vinn Årdal kampen fortjent. Me takkar Årdal for kampen (og for lånet av keeper) og ønsker dei lykke til i årets sesong. Neste kamp for Fjøra er borte mot Vik onsdag 12.mars kl 18.15.
Bonus points:
3 – Ole Morten Kvam
2 – Kenneth Nondal
1 – Steffen Olsen
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Onsdag 05.03 kl 18.00
Arena: Sognahallen
Turnering: Treningskamp
Dommar: Johnny Skjerven
Årdal - Fjøra 3-2 (1-0)
1-0 41 min Preben Strypet (str)
1-1 53 min Kenneth Nondal (Anders Hjeltnes)
2-1 60 min Truls Hovland
2-2 80 min Kenneth Nondal (Kees Erstad)
3-2 85 min Truls Hovland
Gult kort: Per Eirik Lunde
Fjøra (4-3-3):
Mikael Eide (lånt fra Årdal)- Kees Erstad, Per Eirik Lunde, Ole Morten Kvam, Mathias Navarro Nese– Håvard Lilletvedt, Knut Ola Høvik, Knut Ø Ripe– Anders Hjeltnes, Steffen Olsen (Victor Aguiar fra 69.), Kenneth Nondal