Fjørabloggen 2015
Forfatter: Fjøra FK
14. juni 2015
Lenge sia sist, men her er ein ny oppdatering fra vår bloggar
Då var det igjen klart for eit nytt kapittel i Fjørabloggen. Dersom blogg-skrivinga hadde vore ein betalt praksis, så kunne det vore at eg hadde hatt dårleg samvit for at det har gått så lang tid sidan førre oppdatering. Det har eg ikkje. For dei som i mellomtida har vore på fortvilt jakt etter fleire litterære meisterverk frå bloggaren si side vil eg for framtida syne til diverse saksframlegg på Sogndal kommune si nettside. Sjangerane her omfattar drama, eventyr, grøssar og i nokre tilfeller scince-fiction, alt ettersom kva forhold ein har til kommunal sakshandsaming.
Sidan det naturleg nok har skjedd mykje sidan førre oppdatering må vi ved dette høvet halde oss til dei største høgdepunkta. I motsetnad til det norske landslaget har Fjøra mange høgdepunkt å syne til, så til skilnad frå sportsnyhendene på Tv2 denne veka, vil denne bloggen vil vere fri frå oppdateringar om golf, kvalifisering til kvalifisering for invitasjon til kvalifisering til sjakk-EM eller NM i gjeting av sau, med og utan hund.
For å ta det viktigaste først, eg legg her føre 2 bilete. Du gjenkjente vel kanskje raskt desse gjenstandane? Jepp, nr.1 er ein fotball, og nr. 2 er ein haug med kjegler. Sjå ein gang til, det er ikkje så mange likskapstrekk mellom desse, er det?
Likevel er det slik at nokre slit med å skilje mellom desse gjenstandane, særleg i stressa og oppheita situasjonar. Under ei intensiv 4 mot 4-økt hadde storbonden som hovudoppgåve å sparke ny ball inn i spel når gjeldande ball forsvann ut av bana. Men ved første høve presterte han med strak vrist, og god avstand til nærmaste ball, å klemme til ein stabel med kjegler så spelarane måtte kaste seg unna for ikkje å bli treft av flygande kjegler. Det heile minna mest om eit klassisk rumpeldunk-oppgjer der kjeglene representerte den berykta klabben som har til oppgåve å setje spelarane ut av spel. Treninga dagen etterpå var det Arild som leia, visstnok fordi storbonden var i Førde for å sjå Førde 2 mot Tornado. I Førde finn ein også fylkets største optikarforretning.
Fjørabloggen er naturleg nok også blitt tema blant spelarane på treningane, no og då. Særskild har bloggaren lagt merke til at dei yngre spelarane handsamar bloggaren med stor respekt (og frykt?!). Erik "Luka" Fossnes er ein type som sjeldan legg noko imellom når han opnar kjeften og dei fleste må tåle å få ein kommentar om både eit og anna. Men mot bloggaren kjem det aldri noko lenger. Så då Elias spurte "Luka" om kvifor han var så grei med meg, var svaret enkelt og greit: "Dersom eg yppa meg mot han, så skriv han stygt om meg på bloggen...". Men bloggaren er sjølvsagt mottakeleg for smisk og slikt skal lønast, så ved dette høvet vil eg, til glede for deira mødrer, fortelje at Elias og 2xErik er skikkeleg kjekke gutar. Horvei derimot er framleis stor i kjeften og bør skriftleg setjast på plass, men så lenge han no har spelt 5 strake kampar utan å sleppe inn mål, vert det vanskeleg å trekkje fram noko å hakke på.
Til sist må vi ta med ein klassisk one-liner frå den like klassiske Tom Wolff Navarsete. Då Fjøra hadde trening rett før den årvisse kampen mellom Bratt Moro og SGN-skis fekk vi celebert besøk av tidlegare Puls-kjendis og nynorskforkjempar Yngvar Andersen som starta oppvarminga 1 t før kampstart. Tom observerar dette ei stund før han på sedvanleg vis luntar roleg mot Andersen, med hendene i lomma, stoppar opp og kommenterar: "Du ser fit ut Yngvar, trena du mykje elle'?".
K.E.