Vik - Fjøra 0-1
Forfatter: Fjøra FK
12. mars 2014
Fjøra slo Vik 1-0 borte og heldt nullen for første gang i år
Fjøra vann fortjent 1-0 borte mot Vik i dag, men begge lag både kunne og burde funne vegen til nettmaskene fleire ganger. Spesielt første timen styrte Fjøra det meste av banespelet, men innimellom var Vik farlege på overgangar. Overgangane kom når me mista ballen i ugunstige posisjonar og hadde mange folk på feil side, men forsvaret til Fjøra rydda opp saman med dagens gode keeper Brede Fardal Haukareid.
Banespelet til Fjøra resulterte i eit par store sjansar halvvegs i omgangen, men ein meget opplagt og engasjert Stig Roar Hovland i Vikburet heldt heimelaget inne i kampen. Etter 22 minutt fekk Steffen Olsen avslutta men Stig Roar fekk så vidt avverga med ein god beinparade. Like etter slår Hjeltnes eit godt innlegg som Håvard ikkje får skikkeleg klem på. Også Vik var farleg frampå eit par ganger i denne perioden, som følgje av at me mista ballen då me var på veg framover.
Etter 33 minutt må me gjera eit byte og litt rokkeringar i laget då Knut Ripe fekk litt kjenning i hamstringen. I mangel på stopparar vart Kees flytta inn som stoppar og Karlis kom inn på høgrebacken. Ukjente posisjonar for både Kees og Karlis som trivest best litt lenger framme i bana, men begge to leverte ein god kamp i Fjøraforsvaret.
Tre minutt før pause kom kampens einaste scoring og det var Olve Øvstetun som slo ein fin diagonal krosspasning i bakrom mot Anders Hjeltnes. Hjeltnes fekk med seg ballen i duell med Vikbacken og kom seg fri før han kontrollert sette ballen i lengste hjørnet for Stig Roar Hovland. God prestasjon av Hjeltnes som veldig ofte har vore involvert i måla til Fjøra hittil i treningskampane.
Den korte pausen ute i kulden i Vik vart brukt til fotografering samstundes som Fimreite sa nokon velvalgte ord. I tillegg kunne Knut Ola fortelja at dette var hans første tur til Vik og hadde me hatt litt betre tid skulle han fått seg ein omvisning i Hopperstad stavkyrkje og kanskje også fått helst på Fritjoven på Vangsnes.
Andre omgang litt meir rotete enn den første, men det kunne fort kome mål begge vegar. Vik hadde to skot i tverrliggaren og Fjøra hadde eit par dobbelsjansar etter å ha komme rundt på kant. Kampens højdare kom halvvegs ut i andre omgang då Kenneth drog ein av sine berømte innleggsfintar. Backen til Vik gjekk fem på og vel så det og stupte utover dødlinja medan Kenneth slo eit farleg innlegg me ikkje klarte å setja i mål.
Siste halvdel av andre omgang kom Vik meir med og Fjøra mista ein del av banespelet sitt. Men ikkje meir enn at me drog i land ein fortjent 1-0 seier. Positivt også at me heldt nullen for første gang i år. Ekstra takk til dagens keeper Brede Fardal Haukereid som steppa inn på kort varsel og leverte ein god kamp bakerst hos Fjøra.
Bonus:
3 – Kenneth Nondal
2 – Per Eirik Lunde
1 – Mathias Navarro Nese
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Onsdag 12.03 kl 18.15
Arena: Vik kunstgras
Turnering: Treningskamp
Dommar: Audun Holen
Vik - Fjøra 0-1 (0-1)
0-1 42 min Anders Hjeltnes (Olve Øvstetun)
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-3-3):
Brede Fardal Haukereid- Kees Erstad, Per Eirik Lunde, Knut Øystein Ripe (Karlis Bremers fra 34.), Mathias Navarro Nese– Håvard Lilletvedt, Knut Ola Høvik, Olve Øvstetun (Victor Aguiar fra 63.)– Anders Hjeltnes, Steffen Olsen, Kenneth Nondal