[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Kaupanger - Fjøra 0-1

Forfatter: Fjøra FK

16. mai 2013

Fotball
News article image

Det vart ingen stor 16.mai kamp i år heller, men Fjøra drog til slutt i land ein fullt fortjent 1-0 seier

Fjøra slo i kveld Kaupanger 1-0 borte i eit relativt sjansefattig og kjedeleg 16.mai oppgjer. Sigeren smakte godt som det alltid gjer når ein slår Kaupanger, men kanskje ekstra godt fordi KIL hadde to store sjansar til utlikning på overtid.

Fjøra styrte kampen frå start, medan KIL la seg lavt og ga Fjøra lov til å trille mykje ball. Sjølv om Fjøra hadde ballen mykje klarte me ikkje å skape dei store sjansane. Kenneth kom til ein avslutning etter 5 minuttar, men skaut over frå litt skrå vinkel. Etter dette skjedde det lite. Kampbildet var det same i heile første omgang. Fjøra spelte ball, medan KIL satsa på lange ballar mot raske Sindre Rørvik. Fjøraforsvaret tok seg greitt av det som kom og me noterte vel null sjansar imot i første omgang. Heilt på tampen av omgangen fekk Kristian Nornes ballen ute på vår venstreside. Han slo eit flott innlegg som Håvard Lilletvedt på vakkert vis heada i mål. Det er verdt å merke seg at Håvard har skåra 3 mål på hovudet så langt denne sesongen. Meget bra av den unge bergensaren, som helst likar å ha ballen i beina og ikkje på hovudet.

I starten av andre omgang fortsette kampbildet som i første omgang. Fjøra hadde ballen mykje, men kom ikkje til dei store sjansane. Kenneth kom til ein sjanse etter 60 minutt då han sendte eit frispark mot mål. Diverre for Fjøra og Kenneth traff frisparket stolpen. Utover i omgangen virka det som Fjøra vart noko slitne. Balltempoet gjekk ned, medan feilprosenten gjekk opp. KIL augna då moglegheita til poeng og flytta fleire folk i angrep og kriga godt. Raske Sindre Rørvik kom rundt på kant ved nokre høver, og dette skapte furore i Fjøraforsvaret. Ved eit høve fekk Torbjørn så vidt ballen over eige mål med kneet. Fjøra hadde på si side ein gedigen sjanse til å punktere kampen då Fylling stussa eit innlegg i beina til Jørn Kvalvik. Dessverre fekk Kvalvik ballen på sin venstrefot, og då går det som det ofte gjer, nemleg eit sleivspark utanfor målet til Kaupanger :) Eilert har sagt seg villig til ei økt neste veke der fokus er harde skot i vinkelen med skeiva, så neste gang, da blire mål på askøyværingen! I siste sekund kunne Kaupanger ha øydelagt 17.mai feiringa for Fjøragjengen, då nemnte Rørvik kom seg fri på venstrekanten og la inn. Inne framfor mål sto Ole Einar Rebni i god posisjon, men heldigvis for Fjøra sin del klarte ikkje Rebni å sette avslutninga si på mål og dermed enda det 1-0 til Fjøra.

For Fjøra måtte kaptein Ole Marius Solberg kaste inn håndkleet på oppvarmingen, medan både Ørjan Hjellhaug og Arild Underdal måtte ut med skade før halvtimen var gått. Dette førte til ein del rokkeringar på laget, men dei som kom inn løyste oppgåvene sine godt og heile laget jobba godt for å dra i land dei tre poenga. Kaupanger låg langt inne på eigen banehalvdel og var ikkje noko interessert i å angripe før det gjensto 15-20 minutt. Då produserte dei som nemnt nokre feite sjansar og me skal vere glade for at dei ikkje flytta laget sitt opp før. Likevel var det ein fullt fortjent Fjøraseier, og spelarane kan gå med hovudet høgt heva i 17.maitoget i morgon. Ekstra pluss til Daniel Fylling som erstatta Ole Marius Solberg på ein noko uvant stopparplass og gjorde ein solid kamp.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Torsdag 16.05.13 kl 18.00

Arena: Kaupangerskogen kunstgras

Turnering: Seriekamp

Dommar: Rolf Kåre Almenning (Tor Kristian Svortevik, Ragnar Åmot)

Tilskodarar: ca 60

Kaupanger - Fjøra 0-1 (0-1)

0-1     44 min Håvard Lilletvedt (Kristian Nornes)

Gult kort: Ørjan Hjellhaug, Kenneth Nondal, Torbjørn Ylvisåker (Fjøra), Totto Nordenhaug, Marius Bøthun (Kaupanger)

Kaupanger (4-4-1-1)

Erlend Johansen- Totto Nordenhaug, Bjarte Breilid (Marius Bøthun fra 84.), Ole Einar Rebni, Henrik Førde- Sindre Rørvik, Jarle ims, Kenneth Dvergedal, Eirik Menes- Mads Doksæter- Kristian Hauståker (Hans M Wæhler fra 14.)

Fjøra (4-3-3):

Håvard Bøyum- Jørn Kvalvik, Daniel Fylling, Torbjørn Ylvisåker, Kristian Nornes- Knut Ola Høvik, Øystein Wilkensen (Stian Solberg fra 65.), Håvard Lilletvedt (Magnus Hunemo fra 80.) – Ørjan Hjellhaug (Mats Nondal fra 26.), Arild Underdal (Ola Egge Ødegaard fra 34.), Kenneth Nondal