[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

5-1 tap og cup-exit for Fjøra

Forfatter: Fjøra FK

15. mars 2013

Fotball
News article image

Fjøra tapte til slutt 5-1 mot Årdal FK i kveld og er dermed ute av cupen

Fjøra åpna kampen bra og hadde tidleg eit mål i nettet som vart korrekt annulert for offside. Men etter 20 minutt spelte Årdal seg fint fri på Fjøra si høgreside, før ein umarkert Terje Øvstetun fekk pirka ballen i mål fra kort hald. Etter dette slokna Fjøra litt og to personlege feil seinare stod det 3-0 til Årdal, som også vart pauseresultatet.

I andre omgang netta Preben Strypet to ganger for Årdal medan Arild Underdal reduserte for Fjøra innimellom desse to måla. Dermed 5-1 til Årdal og ingen tur til Ullevål for Fjøra i år heller.

Sjølv om resultatet vart stygt til slutt var det ein del positive bidrag i det offensive spelet, og fleire flotte angrep. Defensivt må det jobbast godt framover med å luka vekk personlege feil og redusera antal baklengsmål. Balansen i laget er for dårleg når me angrip, noko som gir for mange farlege overgangar imot.

Me skal prøva å komma tilbake med eit fyldigare referat etter kvart. Enn so lenge takkar me Årdal for kampen og ynskjer dei lykke til vidare både i årets cup og serie.

KAMPFAKTA:

Årdal – Fjøra 5-1 (3-0) fredag 15.mars 18.00

1-0     20 min Terje Øvstetun

2-0     25 min Christian Stedje

3-0     31 min Preben Strypet

4-0     47 min Preben Strypet

4-1     56 min Arild Underdal (Mats Nondal)

5-1     72 min Preben Strypet

Gult kort: Daniel Eide (Årdal)

Årdal:

Preben Gilleshammer, Lasse Lereng (Martin Gullaksen frå 82. min.), Edvin Hestetun, Marcin Brycky, Brede Stedje Ylvisåker, Terje Øvstetun (Morten Sortland frå 78. min.), Tim Teigen, Daniel Eide (Edin Øy frå 80. min.), Truls Hovland, Christian Stedje, Preben Strypet

Fjøra:

Håvard Bøyum, Jørn Kvalvik, Vegard Nes, Torbjørn Ylvisåker, Kristian Nornes, Øystein Wilkensen (Per Eirik Lunde frå 59.), Ola Ødegaard, Håvard Lilletvedt (Kenneth Nondal frå 55.), Arild Underdal, Mats Nondal, Ørjan Hjellhaug (Eilert Holme frå 73.)

Biletet er henta frå sognavis.no.