Fyllings hörna
Forfatter: Jan Fuglesteg
20. februar 2013
Ny kamp i går betyr spelarbørs både for dei 11 som starta, innbytarane og jamvel pauseunderhaldninga får stilkarakterar. Fyllings hörna er her.
Børs Fjøra - SIL2/3 - 19.02.2013
Her kjem årets strengaste børs. Resultatet OK, men ikkje akkurat sexy-fotball...
XI:
Håvar Mjellelid - 7
Innleigd fra SIL synte minste-Kokken seg fram ved fleire høve idag. Måtte fleire gongar ut i full strekk for å hindre sine eigentlege lagkameratar nettsus. God ein mot ein og distribuerer ballen godt. Alt i alt ein meget overbevisande gjesteopptreden av ungguten. Har dog ein del igjen før han er på stemmenivået til Kokken sr.! =)
Kristian Nornes - 4/5
Idag var Kristian nesten ikkje noko sint, men oppførte seg som ein komfirmant i kyrkja. Kanskje passar det Kristian litt bedre når han er litt sint og meir på hugget, så det kan kanskje vera ein ide at Jensemannen spenner han hardt på skinnleggen før kvar kamp? Vart forøvrig veldig sint etter kampen når unge, lovande Fylling stakk av med jakken hans! =) Var uansett ivrig framover som vanleg og minner om Alexander Büttner i spelestil, då han kan vera fraverande defensivt til tider. Meinar sjøl han er på veg ned fysisk (som 18-åring?!), men ser ut som guten berre får bedre og bedre kondisjon!
Per-Eirik Lunde - 7 FB (Fjøra's Beste)
Veit ikkje om Per har spelt mykje stoppar tidlegare, men gjer det veldig enkelt og greitt idag. Bryter fint fleire gongar og taklar så det luktar svidd. Trur faktisk ingen i heile verden tykkjer det er like kjekt å sklitakla som Per'n! Ikkje eingong Frode Kvam! Får også med seg sitt første Fjøramål etter ein solid avslutning etter corner.
Vegard "Fnes" Fardal Nes - 5
Gjømsel. Idag lurte Fnesn noko veldig på kvar høgrebacken hans var å kunne ikkje for alt i verden finne han. Etter litt om og men fant Vegard han. I angrep sjølsagt! Etter å ha funnet igjen Kristian kunne Vegard, noko forvirra, fortsette å stoppe SIL sine angrep, noke han gjorde bra den omgangen han fekk. La igjen jakken sin i klubbhuset etter kampen og var veldig lei seg. Gledar seg nok til jakkegjenforening på trening torsdag.
Jørn "Ron Weasley" Kvalvik - 4
Vennen til Harry Potter har vore i fremragande form så langt i vinter, men ikkje like på hugget idag. Touchen sat ikkje heilt så den skulle og kvar i alle dagar vart det av dribleraida Jørn? Gjennomgåande lite sexy-fotball fra Askøy-væringen vår idag, men satsar på at kampen idag berre var ein glipp. Kanskje prega av at han måtte spele back mot Fylling på gårsdagens trening og rett og slett ikkje vandt med spelarar som bevegar på seg?
Ola Egge Ødegaard - 5
Frå sist kamp hadde Ola både sove, kosa og godsnakka med ballen og dei var gode venner heilt til Ola skulle gi ballen til andre. Ballen og Ola har nemleg fått eit så godt forhold at ballen ikkje ville til så mange andre enn nettopp Ola. Samtidig så gjer Ola veldig mykje rett uten bestekameraten (ball) og har ein sinnsjuk arbeidsradius. Får seg sjølsagt ein assist, noko som er blitt obligatorisk for guten, som på fritida likar å synge Vosserullar på Vossevangen.
Øystein Wilkensen - 5
Om fotballkampar hadde vart i 60 minutt hadde Wilko stått med 100% vellukka pasningar, noko sjølv Xavi og Scholes skulle slitt med å klare. Blir, ifølge han sjølv, veldig sliten etter dette og då gjekk det litt nedover med både Øystein og pasningssikkerheiten. Blir grusomt straffa på 1-3. Trur alle i Fjøra gledar seg til Wilko ikkje blir sliten og 100% pasningssikkerheit på 90 min. Lista er satt!
Eilert #BroxnTheSexbomb Holme - 4
Idag spelte Eilerten på høgrekanten dei første 45 og trivdes ikkje spesielt godt, men med litt bedre touch og litt flaks kunne det blitt målpoeng. Blir flytta ned på venstrebacken i 2.omg. og trivdes tydleg bedre lenger bak på bana, og svarte med å springa på seg krampe. Idet Tåbben, som Hjellhaug sr. seier, lurte på om Eilert kunne bruka venstrefoten til noke anna enn springing, kom sexbomba på overlapp langs venstresida, vridde ballen tilbake på høgrefoten og trilla ballen til eldsteblad Nondal som knalla inn 4-2. Tåbben visste ikkje heilt kva han skulle sei, men drog litt på da og meinte at der gjekk da no an å legga inn med venstra óg.
Mads Nondal - 4
Veldig mykje nesten på yngste Nondalen idag. Innsatsen er som vanleg upåklageleg, men slit litt med touchen. Må kanskje få låne ballen til Ola med seg heim i helga, men spørst om vossingen vil gi han frå seg med det første. Kan bli flinkare til å bruke færre touch og orientere seg litt tidlegare.
Håvard T. Lilletvedt - 5
Bergensaren får idag med seg eit fint mål og ein assist og klarar dermed det han sleit med forrige kamp, nemleg teljande prestasjonar på siste tredjedel. Viser finfin teknikk ved fleire høve, men kan vel sleppe ballen tidlegare nokre gongar. Har potensiale i småspelet, må berre bli litt meir bestemt i avgjerande situasjonar framover.
Arild L. Underdal - 4/5
Tilbake med fotballsko etter lang tid uten. Eg har vertfall kun sett Underdal i joggesko den siste tiden. Hanglar seg likevel igjennom 45 min, noko som er godt og sjå. Treng allikvel trening før han er i slaget igjen, noko som viste igjen på den defensive innsatsen. Klarar seg greit offensivt spelmessig og scorar sikkert på straffe han skaffar sjølv. Såg sliten ut.
Innbyttarar:
Kenneth Nondal - 5
Veldig mykje klaging på børskarakterane før kampen og får automatisk trekk. =) Fekk ein omgang på venstrekanten og drog avgårde på fleire bussturar nedover kritet med både 3 og 4 passasjerar, men svikta litt i det avgjerande. Skorar dog eit veldig bra mål og er gjer ein grei jobb i pasningsspelet, men ikkje heilt konge av Åberge idag heller.
Magnus Hunemo - 5/6
Idag ville tydlegvis Magnus innpå å delta, for han snørte på seg skoa og fekk ein god omgang for Underdal. Flink å halde på ballen og overraskande god innsats defensivt. Skorar eit veldig fint mål og huska raude sokkar!
Pauseunderhaldning:
Olem Solberg, Øystein Lerum, Daniel Fylling og Stian Solberg - 7
Idag var det ingenting å sei på underhaldningen i pausen som bestod av mange hælspark og flotte triks. Ingen nye, men likevel godt utførte klassikarar. Eldste Solberg prøvde seg sågar på ein "jorda-rundt"! Lykkas nesten.