[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Trekning sponsorkontraktar

Forfatter: Fjøra FK

24. august 2013

Fotball
News article image

Det vart i pausen trekt ut vinnarar for månadene januar, februar og mars.

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.

Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit reisegåvekort pålydande 4.000 kroner. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 2-4 vinnarar i slengen.

I pausen mot Kaupanger vart det trekt ut tre kontraktar for månadane januar, februar og mars, og vinnarane vart:

Januar       Nr 303       Trond Eiken

Februar     Nr 51         Øyvind Barsnes

Mars          Nr 81         Rasmus Mo