Vurdering serierunde 1
Forfatter: Jan Fuglesteg
18. april 2013
Me vurderer kampane i 1. serierunde av 4. divisjon Sogn og Fjordane. Alle kampane unnateke vår eigen.
Endeleg er ventetida over. Mange og tunge treningar er historie og framfor laga står no kamp om poeng. Nokre av spelarane har høge ambisjonar, andre ikkje så høge, medan nokre er med for å ha det moro. Slik er det å spela i 4. divisjon. Og slik skal det også vera. Den skal kunne femne breitt.
Som me har nevnt kvart bidige år, seriestarten - første kamp for året der det vert gitt ut poeng er noko heilt spesielt. Dersom ein ikkje har den kjendsla så er det fare på ferde. Det er spennning i kroppen, litt uvisse om kor ein står i høve til motstandarlaget og dei andre laga. Kva lag overraskar positivt og kva lag skuffar?
Det er dette som er så fengande, resultata er ikkje gitte på førehand - heldigvis. Det er dette som er fotball. Gjør ovnene klare skru krana på fullt, det er klart for seriestart i 4. divisjon Sogn og Fjordane.
Det er klart for full serierunde i morgon fredag 19. april, der alle 6 kampane har kampstart kl 19:00. Me snakkar om 6 spennande og relativt opne kampar. I det vidare skal me konsentrera oss om 5 kampar. Oppgjeret mellom Jølster og Fjøra får eigen omtale.
My bryt på med vår vurdering av serieopninga.
Kaupanger IL - Skavøypoll IL (Kaupanger stadion fredag 19. april 2013 kl 19:00)
Serieopning og sjølvsagt vanskeleg å spå utfallet av alle kampar. Våre naboar i aust kan overraska denne sesongen, men er truleg avhengig av ein god start, ikkje slik som i fjor då dei sleit i starten. Dei har mista to mann til Fjøra, men også fått inn nokre nye. I tillegg har dei fått trena godt og dei unge er eitt år meir fotballkloke. Gjort det varierande i sesongoppkøyringa. Skavøypoll gjorde ein solid innsats i fjor sjølv om det rauk litt mot slutten. Likevel ein fin 4. plass. Polljen vert truleg med i toppen også denne sesongen, men bortekamp mot Kaupanger i serieopninga vert alt anna enn lett. Desse laga møtte kvarandre i serieopninga i fjor også, men då i Nordfjord, ein kamp som enda med poengdeling. Det trur me også i år.
IL Høyang - Førde II (Sletta fredag 19. april kl 19:00)
Ok seseong for eit ganske ungt Høyanglag i fjor. Laget har ein god del talent som har fått ein vinter med trening bak seg og me forventar at dei tek nye sportslege steg denne sesongen. Kamp på Sletta er alltid noko eige (det brukte no i allefall å vera det i "gamle dagar"). Førde II stilte med stort sett eit ungt mannskap gjennom fjorårssesongen og det trur me dei vil gjera også i år. Talentutvikling er viktig for Sunnfjordklubben og utvikling av unge talent får ein kun ved å matche dei i kamp. Høyang vann begge tilsvarande oppgjer i fjor, og det er aldri så lite prestisje i desse oppgjera. Me trur mest på gjestane i denne kampen, men det handlear mest om magafølelsen. Dristug tips.
Dale IL - Balestrand IL (Dingemoen stadion fredag 19. april 2013 kl 19:00)
Dale stilte sporty opp og takka ja til plass i 4. divisjon etter at Saga diverre måtte trekka laget sitt. Sidan Dale eigentleg skulle spelt i 5. divisjon, er det naturleg å spå at dei vil vera på nederste halvdel av tabellen. Men dette får vera opp til fjalerbuene å motbevisa. Litt blanding av gamalt og ungt i laget. Balestrand hadde ein positiv sesong i fjor, men har mista fleire spelarar sida då. BIL vil derfor ha eit ganske ungt lag i år og me trur difor det vil vera i tunnaste laget og at dei nok til liks med motstandar Dale vil være på nedre havdel av tabellen. Med dette som bakteppe så vert det uhyre viktig for begge laga å få ein god start på sesongen. Me trur mest på heimelaget.
Sandane T&IL - Florø II (Idrettsplassen fredag 19. april 2013 kl 19:00)
Sandane vil vera med å kjempa i toppen denne sesongen, derom er det ingen tvil. Laget frå Gloppen er klart best offensivt og det er ofte målrike kampar dei er involverte i. Greier dei å vera litt meir kyniske/robuste bakover så vil dei bli svært vanskelege å slå. Men no er det no ein gong slik at skal ein vera god offensivt så må ein ofte tore og ofre defensiv tryggleik. Balansegangen mellom offensiv galemattias og offensiv kløkt er vanskeleg. Florø II er nyopprykka og vert eit spenande innslag. Det vert drive svært godt talentarbeid i kystbyen og treningsmoral og -frekvens er meget god. Det vil gi resultat. Dette er ikkje noko draumelag for STIL å møta i serieopninga då alle forventar at dei skal vinna mot eit purungt nyopprykka lag. Me vil likevel bli overraska om Florø II får med seg poeng heimatt.
Sogndal III - Eid IL (Fosshaugane Campus fredag 19. april 2013 kl 19:00)
Sogndal III er også nyopprykka og er på mange måtar i same bår som Florø II. Unge, talentfulle og treningsvillige spelarar. Gjerne ispedd nokre eldre spelarar og reservar frå Sogndal II. Men dette er først og fremst dei unge sin arena. Eid rykka ned frå 3. divisjon etter ein skuffande sesong i fjor. Har vist i treningskampane at dei har eit høgt nivå inne og er nok kanskje den største favoritten til å vinne 4. divisjon. Børe vera eit betre lag enn vertane og me gir dei tipset. Rett og slett.
Og elles?
Det er fredag, ingenting på TV-en av interesse, så du bør ta turen på ein 4. divisjonskamp. Me gratulerer Annstein Ground med dagen, Annstein har namnedag 19. april. Me gratulerer også Black Sabbath vokalist Anthony Martin Harford aka Tony Martin med dagen.