[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Børs Dale - Fjøra 0-2

Forfatter: Fjøra FK

03. august 2013

Fotball
News article image

.

Børs Dale – Fjøra FK (0-2), 30.07.2013       

Botnsolid børs fra Dalekampen.

XI:

Håvard Bøyum – 6/7

Var god med ballen i beina sist, men var hakket vassare i dag. Tek seg fint av det vesle som kjem. Clean sheet!

«Fnes» – 6

Løyser sine oppgaver fint på høgrebacken og hadde til og med eit overlappløp i andre omgang! Litt fleire fjellturar og studering av Welbeck så har Fjøra ein klasseback.

Torbjørn Ylvisåker – 7/8

Tok tak, saman med stopparpartner Solberg, og var botnsolid defensivt. Hadde og teke med seg pasningsfoten til Dale og «låste» seg ikkje like mykje i frispelinga.

«Tjukke-Marius» Solberg – 8 (Fjøra’s beste)

Revansjesugen etter Jølsterkampen og leverte til 20 i stil. Unplayable i luftrommet og roleg og god med ball. Om det er noko og utsette er det at han kan ta litt fleire sjansar med ball.

Johan Salveson - 7

Mange fine initiativ framover og solid bakover som back. Meir involvert offensivt som kant i 2. omgang og bidreg med ein ferdigscora assist. Grøn pil oppover!

             Øystein Wilkensen – 5/6

Ikkje heilt venn med ballen i 1. omgang og mange uvanlege feil. Spelte seg stort opp i 2. omgang då han tok tak i duellspelet og vann mykje på midten.

 

  P.E.L – 5

Som sin midtbanemakker, ikkje heilt på godfot med ballen i dag. Ein del feilpasningar i 1. omgang, men legg ned ein enorm innsats. Litt trekk for og låse seg sjølv inne på do etter kampen!

 

  Ørjan Hjellhaug – 5/6

Litt usynleg i denne kampen, men har assist på det viktige 1-0 målet. Må involvera seg litt meir i mellomrommet når vi møter djuptliggande lag.

Kenneth Nondal - 6

Endar faktisk kampen uten målpoeng, noko som må tilskrivast litt udyktigheit og litt marginar. Skaper ein del fra venstrekanten og legg ned ein god innsats defensivt.

Daniel Fylling – 5/6

Rotar felt i ein periode i andre omgang då han blir flytta ned sentralt på midten. Som vanleg sterk med mann i rygg, men savnar fortsatt litt meir trøkk og fart i spelet, har i periodar også «hol i skoen». Flink til å skaffe seg plass i mellomrommet, og burde blitt brukt meir spesielt i første omgang

Anders Hjeltnes – 6/7

Ikkje nok brukt i 1. omgang, men veldig delaktig i andre omgang. Utruleg viktig 1-0 scoring! Berre å fortsette slik!

Innbyttarar:

             Arild Underdal (57.min) – 5/6

Inn for Ørjan og set spikaren i kista. Fekk diverre føling diverse plassar utover i kampen, noko som såg ut til å hemme veteranen.

Roger Hjellhaug (84. min.) – 5

Kjem inn på slutten for å ro sigeren i land.

Jan Tore Slinde (76. min.) – 5

Hadde ein stor sjanse, men ingen scoring. Meiner at eldsteblad Hjellhaug sin koffeinhaldige Guava-drikk (som han mistok for vanleg vatn) hadde skylda! Sveitta meir på benken enn i kampen!

Pauseunderhaldning:

Har ikkje fått inn noko rapport om pauseshow i dag, men bussjåføren stod iallfall for ein god del underhaldning både på vegen opp og ned! =)

Bussjåføren – 9 (Hææ?)