Fjøra sigra på Leikvoll
Forfatter: Jan Fuglesteg
11. august 2012
Fjøra vann i gårkveld 3-0 mot Veitastrond på Leikvoll stadion. Ein solid siger i eit lokaloppgjer mot ein vanskeleg motstandar er me godt nøgde med.
To av Fjøra sine mål vart sett inn av Arild Lunde Underdal som verkeleg har funne scoringsforma. Det siste var det Kenneth Nondal som sette inn. Det vert meldt om ein jamn kamp som ikkje vart avgjort før Kenneth Nondal sette inn 2-0 knappe 5 minuttar før full tid.
Me har fått følgjande kommentar frå trenar Kjell Ertesvåg:
Me vinn 3-0, noko som kan sjå ut som ein komfertabel siger. Det stemmer ikkje, kampen vippa fram til me skårar 2-0 etter 85 minutt.
Veitastrond var verkeleg på hogget, og gav oss skikkeleg kamp. Dei var farlege på dødball, og angrepsrekka deira laga trøbbel for oss.
Me presterte ikkje opp mot vårt beste i denne kampen, til det var me for upresise og stasjonere. Me er rimeleg effektive framføre måla i denne kampen, og det er ofte det som avgjer kampane.
3-0 siger på ein dårleg dag mot eit vanskeleg heimelag er likevel sterkt. Me takkar Veitastrond for kampen, og for ei flott ramme kring kampen. Vidmar fekk i tillegg til 3 poeng også tid til ein skikkeleg grilltallerken før han for heim til kveldsmaten.
KAMPFAKTA
Veitastrond IL - Fjøra FK 0-3 (0-1)
Mål
0-1, Arild Lunde Underdal, 34 min
0-2, Kenneth Nondal, 86 min
0-3, Arild Lunde Underdal, 88 min (str.)
Gult kort
Frank Robert Værn, Veitastrond.
Raudt kort
Even Kvam, Veitastrond IL
Domartrio
Dan Kåre Esp, Eikefjord IL. Assistentar: Joar Vefring, Tambarskjelvar IL og Ragnar Åmot, Jølster IL.
Tilskodarar
Ca 100 stk
Veitastrond (4-4-2): Espen Borlaug - Runar Hatlevoll, Even Kvam, Frank Robert Værn, Glenn Thomas Nilsen (Rune Frækaland frå 90. min) - Severin Rokne, Ole Petter Hatlevoll, Åsmund Øgar - Emil Heggestad (Øivind Kristiansen frå 88. min) - Richard Nes (Øystein Heggestad frå 88. min) og Kurt Heggestad
Fjøra (4-4-1-1): Bjarte Hovland - Jørn kvalvik, Vegard Fardal Nes, Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug - Daniel Fylling (Per Eirik Lunde frå 75. min), Ola Egge Ødegaard, Ørjan Hjellhaug, Mats Nondal (Kenneth Nondal frå 60. min) - Johan Elverum Salveson (Eivind Gjerald frå 60. min) - Arild Lunde Underdal (Stian Solberg frå 85. min)