[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch: Fjøra FK - Sogndal II

Forfatter: Jan Fuglesteg

14. juni 2012

Fotball
News article image

Ny serierunde i 4. divisjon er like om hjørna. Og Fjøra er halvparten av det som må kallast rundens toppoppgjer. For dei tek i mot suverene Sogndal II. Det er snakk om lokaloppgjer og då kan som dei fleste veit alt skje.

Me har fått følgjande kommentar frå Kjell Ertesvåg framfor laurdagens kamp:

" Dette er ein kamp me ser fram til. To angrepsvillige lag som begge har svært lyst på siger. Etter fin stigning siste 2 kampane håpar me at oppturen skal halde fram mot eit lag som verkeleg har imponert sålangt i sesongen. Dette er lokaloppgjer, og då kan alt skje. Me gledar oss til å møte etablerte Tippleligaspelarar, og morgondagens menn i SIL. Me gjer vårt beste, og går for 3 poeng, så får det gå som det går!

Kan melde om ny speler i klubben, Eivind Gjerald (18 år) har meldt overgang frå SIL. Eivind nådde ikkje heilt opp i SIL 2, og har valt å prøve seg hjå oss. Me ynskjer syrstrendingen Eivind velkomen i klubben, og truleg vert han klar til kamp laurdag.
Dette er og eit ledd i samarbeidet med SIL, og utveksling av spelarar som treng nye utfordringar for vidare utvikling.

Men laurdag får samarbeid vere samarbeid - då handlar det om poeng!
"

Fjøra stiller med følgjande tropp på laurdag:

Håvard Kristiansen Bøyum, Bjarte Hovland, Torbjørn Ylvisåker, Sebastian Tveten Eriksen, Roger Hjellhaug, Ola Egge Ødegaard, Tor Ove Anuglen, Kenneth Nondal, Anders Hella, Magnus Hunemo, Johan Vorgaard, Kai-Henry Haugen, Vegard Fardal Nes, Jørn Kvalvik, Espen Granlund, Ole Morten Kvam og Eivind Gjerald (om han vert klar)

Laurdagens motstandar Sogndal II har imponert storleg denne sesongen og toppar tabellen heilt fortent. Sålangt i sesongen så har dei vist stor stabilitet på eit nivå som hadde ført dei langt opp på tabellen i divisjonen over. Dei scorar mange mål og slepp inn få. Trenar Tommy Øren og assistent Anders Stadheim har fått sving på sakene. Sålangt står dei med full pott.

Men dette er eit lokaloppgjer og i einsklildkampar kan ein slå Sogndal sine nest beste. Skal Fjøra kunne gjera det så må dei levere årsbeste. Det håpar me på.

Me kjem ikkje til å overføra kampen direkte her på fjora.no så me henviser til firda.no si live-teneste. Eller så tek du berre turen oppom stadion for å sjå kampen. Laurdag kl 14:00. Vær der eller vær sær!