[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Vik - Fjøra 1-3

Forfatter: Fjøra FK

05. august 2014

Fotball
News article image

Fjøra åpna haustsesongen med seier etter to scoringar av Underdal og ein av Bremers

Fjøra held fram sigersrekka frå i vår og tok ein fortjent seier mot Vik, dog utan å imponera eller visa det store spelet. Kampen begynte med mykje langt frå begge lag og det skjedde lite eller ingenting framfor nokon av måla. Fjøra hadde nokre småfarlege hjørnespark som enda med litt klabb og babb i feltet men dei store sjansane uteblei.

28 minutt ut i kampen kom kampens første mål og det kom etter ein presis og god corner frå Olve Øvstetun. Karlis Bremers hadde sprunge seg fri i boksen og heada kontant i nettet til stor jubel i Fjøraleiren. Tommel opp både for corneren og avslutninga, rett frå læreboka! Kun fire minutt seinare spelte Hjeltnes fri Underdal som banka ballen i mål frå sekstenmeteren, fin prestasjon. Viklaget hang ikkje heilt med i denne perioden og like før pause vart Karlis Bremers spelt gjennom litt skrått på Vik si venstreside. I staden for å avslutta sjølv slo han til ein betre plassert Underdal som netta sikkert i det tomme målet. Me er nett ikkje sikre på om Underdal hadde latt vera å avslutta sjølv dersom situasjonen var snudd på hovudet, hehe : )

Fortjent leiing til Fjøra etter ein god avslutning på omgangen og no galdt det å fortsetta jobben for ein ting er Vik kjendt for; dei gir aldri opp. Men det var eit veldig passivt og slurvete Fjøralag som entra bana i andre omgang og ti minutt ut i omgangen fekk Vik sin fortjente redusering ved Thomas Duphey. Rett etter small det i treverket bak Espen Staff og med ny redusering her kunne det blitt vel spennande siste 25 minuttane av kampen for Fjøra. Fjøra heva seg igjen og hadde etter kvart relativt grei kontroll på kampen.

Fjøra er framleis fire poeng bak Florø 2 som i kveld banka Dale heile 10-0 og måndag 11.august er det dermed duka for toppkamp mellom dei to laga. Denne kampen går i Sognahallen kl 19.00 då Sogndal 2 samstundes spelar kamp på Campus.

Bonus:

3 – Arild Underdal

2 – Karlis Bremers

1 – Per Eirik Lunde

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Tydag 05.08 kl 19:00

Arena: Vik kunstgras

Turnering: Seriekamp

Dommar: Jonny Skjerven

Vik – Fjøra  1-3 (0-3)

0-1   28 min Karlis Bremers (Olve Øvstetun)

0-2   32 min Arild Underdal (Anders Hjeltnes)

0-3   41 min Arild Underdal (Karlis Bremers)

1-3   55 min Thomas Duphey

Gult kort: Anders Hjeltnes

Fjøra (4-2-3-1):

Espen Staff- Mathias Bladimir N Nese, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker (Ole Morten Kvam fra 22.), Knut Ripe- Kees Erstad, Olve Øvstetun- Anders Hjeltnes, Karlis Bremers, Victor Aguiar (Ole Martin Bolset fra 66.)- Arild Underdal