[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Seriestart for Fjøra

Forfatter: Fjøra FK

15. april 2015

Fotball
News article image

Fjøra møter Tambarskjelvar borte i serieåpningen i kveld kl 19.00

Då er det endeleg klart for seriestart i den lokale fjerdedivisjonen og medan resten av laga startar til helga tek Fjøra allereie i dag turen til Naustdal for å møta Tambarskjelvar borte.

Fjøra må finna seg i å vera favorittar i denne kampen etter gode resultat i treningskampane, men som me alle veit har dette ingenting å sei og spesielt kampane i serieåpningen lever sitt eige liv då alle klør i beina etter å komma i gang. Fjøra har fått på plass ein brei og god stall i år og det er såleis hard kamp om plassane på laget, noko me ser att i gode treningar no når seriestarten har nærma seg. Me gler oss til å komma i gang og vil i denne og i alle andre kampar gå ut for å styra kampen og spela vårt spel så får motstandaren spela sitt utan at me tek for mykje hensyn til det.

Fjøra har framleis Knut Ola Høvik, Steffen Olsen, Tommy Øren, Ole Martin Bolset, Kees Erstad og Arild Underdal ute med skadar men stiller likevel eit solid lag og ein solid benk som kan komma inn å bidra undervegs.

Laget som startar for Fjøra er som følger: Espen Staff, Erik Loftesnes, Per E Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Knut Ripe, Håvard Lilletvedt, Gøran Wigum, Mats Nondal, Sindre Rørvik, Anders Hjeltnes og Victor Aguiar.

På benken finn vi Andreas Horvei, Sindre Sanden, Erik Fossnes, Elias Saltnes og Ole Morten Kvam