Fjøra FK - Dale 2-0
Forfatter: Fjøra FK
26. april 2013
Fjøra vann i kveld 2-0 mot Dale, dog utan å imponera dei som hadde teke turen til Fosshaugane Campus.
Dale la seg som forventa djupt i ein 4-5-1 formasjon, der dei satsa på kontringar og bakromspasningar. Dette resulterte i null avslutningar på mål i første omgang og Fjøra hadde god kontroll defensivt. Offensivt derimot var det ein frykteleg omgang av Fjøra, og det var overraskande at det i det heile tatt var tilskodarar igjen på tribuna når laget entra bana i andre omgang. Me talde ein avslutning til heimelaget og dermed 1-0 i sjansar halvvegs. Sjansen til Fjøra kom midt i omgangen etter innlegg fra høgre og var av det store slaget. Arild Underdal breisida ballen mot mål fra 5 meter, men ballen traff Kenneth Nondal på vegen og Dale fekk så vidt avverga scoring. 0-0 til pause etter ein nitrist omgang.
Fokuset i pausen var å auke balltempoet, samt å tore meir offensivt. Ein spelar ikkje ut noko lag når ein står i ro og trillar ball. Kvar og ein må rett og slett ta meir initiativ og me sjå taktomslag og vilje til å utfordre i ein mot ein situasjonar.
Andre omgang var ti minuttar gammal då innbyttar Håvard Lilletvedt sette inn kampens første og dermed også Fjøra sitt første mål for sesongen. Kenneth Nondal slo ein corner som vart heada ut igjen til Roger Hjellhaug på Fjøra si venstreside. Eldstemann Hjellhaug slo presist inn att i feltet der luftens baron Håvard Lilletvedt stanga ballen i mål. To gode prestasjonar av dei to innbyttarane til Fjøra.
Etter dette åpna kampen seg litt opp og Fjøra fekk litt meir rom enn dei hadde hatt hittil i kampen. Det sprudla likevel ikkje, og me sat med ei stygg lita kjensle at Dale fort kunne slå tilbake om ein ikkje var hundre prosent skjerpa. Men sjølv om ikkje alt stemte like bra, jobba fjørene godt i andre omgang og holdt Dale unna dei store sjansane. Etter 77 minutt punkterte Kenneth Nondal bussen til Dale då han nydeleg tredde igjennom Føra sin siste innbyttar, Ørjan Hjellhaug. Ørjan var sikker åleine med keeper og fastsette sluttresultatet til 2-0.
På slutten hadde Fjøra eit par farlege frispark i god posisjon, samt ein stor sjanse då Kristian Nornes sklei då han skulle sette ballen i tomt bur fra 20-25 meter etter ein svak avklaring fra keeper. Også Dale var frampå eit par ganger, dette etter litt kommunikasjonssvikt i Fjøraforsvaret og mellom forsvar og keeper
Etter den skuffande førsteomgangen, tek me med oss at me klarte og heva oss nok til å hanke inn tre poeng. Tempoet og viljen til å vinna var nokre hakk opp i andre kontra første omgang, men framleis er det mykje å gå på. Positivt var det også at me holdt nullen for andre kamp på rad. Forsvaret vårt har god kontroll kampen igjennom, medan innbyttarane viser seg fram med ein assist og to mål. Dette viser at me har ein brei og jamn stall, der me har folk på benken som kan komme inn og avgjere kampar.
Me takkar dei frammøtte for at dei tok seg tid til litt lokalfotball og ønsker dei velkomne att seinare i sesongen.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 26.04.13 kl 19.00
Arena: Fosshaugane Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Karl Inge Wolf, Hyllestad. Linjemenn: Frank Heggestad (Veitastrond), Eirik Strupstad (Hafslo)
Tilskodarar: ca 40
Ver og baneforhold: Ypperlege speleforhold på Campus, sol og vindstille
Fjøra – Dale 2-0 (0-0)
1-0 56 min Håvard Lilletvedt (Roger Hjellhaug)
2-0 77 min Ørjan Hjellhaug (Kenneth Nondal)
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-3-3):
Håvard Bøyum- Jørn Kvalvik, Per Eirik Lunde, Ole Marius Solberg, Kristian Nornes- Olve Øvstetun (Knut Ola Høvik fra 20. (Ørjan Hjellhaug fra 63.)), Øystein Wilkensen (Roger Hjellhaug fra 46.), Ola Ødegaard – Mats Nondal (Håvard Lilletvedt fra 46.), Arild Underdal, Kenneth Nondal
Dale (4-5-1):
Håkon Thuland - Kim Frode Solheim, Eirik Systaddal, Martin Tonning, Vegard Vesterås (Vegard Kjos frå 85. min) - Kristoffer Rogne, Einar Aase, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Jostein Vagstad (Kristian Aase frå 74. min), Henrik Kummeneje (Christopher Skadal 83. min) - Tommy Holm
Oppvarming i vakre omgivelsar
Kenneth Nondal i tet medan Kvalvik heng litt etter
Deler av benken til Fjøra
Domar Karl Inge Wolff losar laga inn på Campus til Fjøra'sførste heimekamp
Sportsleg leiar Jan Rune konstaterer at Fjøra heva seg i andre omgang og drog i land tre poeng