[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Eid 5-3

Forfatter: Fjøra FK

12. mars 2017

Fotball
News article image

5-3 seier mot Eid på kunstgraset på Kaupanger!

Alt før det var gått ti minutt i dagens kamp mot Eid leda Fjøra 3-1 og halvvegs ut i første omgang auka me leiinga til 4-1 som også stod seg til pause. Etter ein ok første omgang datt me litt nedpå i andre og kampen enda til slutt 5-3. Måla til Fjøra vart scora av Bakary Traore (3) og Mathias Flo (2). 

Me fekk ei grei gjennomkøyring etter at kampen i går mot Valdres måtte avlysast og takkar Eid for at dei stillte opp på kort varsel. I periodar spelar me god fotball og me scorar fem mål mot eit lag på øvre halvdel i fjerdedivisjon men litt for ofte mister me konsentrasjonen og dett nedpå, noko tre baklengs er eit tegn på. 

Fjøra (4-4-2):

Håvar Mjelleli - Joar Hoberg, Per Eirik Lunde (Arne Martin Fossland frå 65.), Torbjørn Oddenes, Joar Tryti - Stian Njøs (Brage Navarsete frå 65.), Svenn Ove Gjøringbø, Steffen Olsen (Karsten Bjelde frå 46.), Kenneth Skjerven (Eirik Kristoffersen frå 46.) - Mathias Flo, Bakary Traore

Neste Fjørakamp er laurdag 18.mars mot Fyllingsdalen (på Voss). Då får Fjøra brynt seg skikkeleg på eit lag som er antatt og finna heilt i toppen i vår avdeling