Årdal 2 - Fjøra 1-2
Forfatter: Fjøra FK
06. oktober 2014
Knepen seier for Fjøra i jamn kamp
Foto: Stig Høynes
Fjøra vann 2-1 i ein relativt jamn kamp prega av mykje vind, duellar og lite finspel. Årdølene gav oss bra kamp, og yppa seg spesielt mot slutten etter dei fekk 1-2 på straffe i det 72. minutt.
Første omgang åpna med mykje ballinnehav for Fjøra men presisjonen var litt for dårleg og me fekk innimellom nokre småfarlege brot i mot. Tolv minutt ut i omgangen stussar Steffen eit langt innkast vidare til Victor som får pirka ballen til Ole Martin. «Mini» hamrar ballen i nota frå kort hold og oppskriftsmessig leiing til Fjøra. Fjøra fortsatte med å ha ein del ball men det gjekk litt for seint og det vart sjeldan nokon store sjansar utav det.
Like før pause må Per Eirik kasta inn handkleet med ein smell i ankelen og like etter pause må også Knut Ola ut med ryggproblem. Dette stoppar ikkje Fjøra og alt fire minutt ut i andre omgang er det Steffen som slår ein innoverskrudd ball mot bakerste stolpe. Ballen snik seg inn oppe i krysset og Steffen sin andre kanonscoring frå langt hold i år. Sjølv om Olsen vil påstå han såg det var ledig i krysset (han er jo bergensar… :) ) så er me litt usikre om dette var eit skot eller eit innlegg men ei flott scoring vart det i alle fall. Fjøra hadde ein god periode no og hadde fleire sjansar til å auke, blant anna traff Hjeltnes begge stolpane før ballen trilla langs streken og bort i hendene til Gilleshammer. I staden yppar Årdal 2 seg litt mot slutten og i det 72. minutt lagar Steffen straffe som Kjødnes set i mål. Men nærmare kom ikkje årdølene og Fjøra kunne reise heim med alle poenga
Ingen god kamp av Fjøra i surt haustver og me hadde vel forventa litt meir enn det me fekk sjå i dag. Men to flotte scoringar var iallfall nok til at me fekk vår femtande seier av 21 moglege og ekstra kjekt var det at me fekk sjå ein ung debutant i Fjøramålet. Aurlendingen Andreas Horvei på 16 år fekk sin første kamp for Fjøra og gjorde sine saker svært så bra i debuten. Det måtte ein straffe til for å øydeleggja smoltringstatus på facebook men Horvei får ein ny sjanse til å holda nullen alt på søndag heime mot Førde 2
Bonus:
3 – Steffen Olsen
2 – Sindre Sanden
1 – Ole Morten Kvam
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Mandag 06.10 kl 19:00
Arena: Jotun kunstgras
Turnering: Seriekamp
Dommar: Per Oddvar Lien
Årdal 2 – Fjøra 1-2 (0-1)
0-1 12 min Ole Martin Bolset (Victor Aguiar)
0-2 49 min Steffen Olsen
1-2 72 min Ole Gunnar Kjødnes (str)
Gult kort: Steffen Olsen
Fjøra (4-3-3):
Andreas Horvei- Sindre Sanden, Per Eirik Lunde (Ole Morten Kvam frå 42.), Torbjørn Ylvisåker, Knut Ripe (Kees Erstad frå 67.)- Ole Martin Bolset, Knut Ola Høvik (Mats Nondal frå 53.), Steffen Olsen- Karlis Bremers, Anders Hjeltnes, Victor Aguiar (Ørjan Vikum frå 79.)