Fyllings Hörna
Forfatter: Fjøra FK
17. mai 2013
Det er 17.mai og her kjem børsen fra Kaupangerkampen. Fylling og resten av Fjøra gratulerer alle med dagen!
Børs Kaupanger - Fjøra (0-1), 16.05.2013
17.mai-børs til folket!
XI:
Håvard Bøyum – 5
Veldig lite og gjere for russepresten i 80 min. Såg ut som han kjeda seg. Litt kommunikasjonssvikt på slutten.
Jørn Kvalvik – 5/6
Småredd før kampstart når han fekk høyre at Fylling plutseleg skulle starta. Gjer det likevel godt sjølv med angst. Kunne nok involvert seg litt meir offensivt, men skjønnar godt at Fylling må passast på.
Daniel Fylling –6/7
Då Olem måtte gi seg på oppvarmingen, måtte Fylling inn og spela i ein uvant stopparposisjon. Flink til å dempa forventningane til seg sjølv, og fortelja kor lenge sidan han hadde spelt stoppar. Dette var det ingen grunn til for Fylling var like roleg og solid som Rio Ferdinand og strødde crossarar i periodar som Paul Scholes. Riktignok meinte mannen han erstatta at dette ikkje var i nærheten av det nivået stopparane hittil i år har lege på….
Torbjørn Ylvisåker – 6
Viser at dei gamle fortsatt er eldst når han rutinert knear ballen over eige mål eitt minutt på overtid. Kaldt. Knirkar seg gjennom kampen på ein positiv måte!
Kristian Nornes – 5
Starta kampen som han skulle ha vore litt for lenge på russehaugen, men spelar seg stort opp i løpet av kampen. Nydeleg assist på målet.
Øystein Wilkensen – 5
God i førsteomgangen då han stoppa mange potensielt farlege kontringar. Posisjonerer seg godt, men blir sliten og skada(?).
Knut Ola Høvik – 5/6
Utruleg aksjonsradius på sør-trønderen, men blir naturleg nok sliten utover kampen. Står allikevel kampen ut og legg ned ein viktig jobb defensivt på slutten.
Håvard Lilletvedt – 5
Den flyvende bergenser! Treng ikkje skrive så mykje meir.
Kenneth Nondal – 5/6
Vanskeleg kamp for dei framme med liten plass å boltre seg på, men Kenneth legg ned ein kjempeinnsats i dag. Får kosa litt med backen sin utover i 2.omgang, då likar Kenneth seg.
Ørjan Hjellhaug – 4/5
Ikkje så mykje involvert før han må ut med skade.
Arild Underdal – 5
Bra i kombinasjonsspelet tross lite plass. God feilvendt. Blir diverre lei seg og må ut i 1.omgang.
Innbyttarar:
Mats Nondal (inn 26. min .) – 5
Inn for Ørjan, blir så flytta opp som spiss når Arild må ut. Flink til å gjere seg spelbar og spelar vingane fint igjennom ved nokre høve. Må, som Underdal, læra seg offsideregelen og time løpa sine bedre.
Ola Ødegaard (inn 34. min.) – 5
Kjem inn på slutten av 1.omgang og blir flytta litt rundt i diverse posisjonar ettersom kampen skrid fram. Løyser det meste med bravur til tross for sjukefråvær heile veke.
Stian Solberg (inn 65. min) - 5
Får 25 min i ein litt uvant høgrekant rolle. Brukar P-farten sin fleire gongar, moro å sjå. Pliktoppfyllande jobb uten oppvarming. Bra Stian!
Magnus Hunemo (inn 80.min) – 5
Blir kasta innpå på eit dårleg tidspunkt då kampen er fullstendig åpen, men er flink til å halde på ballen. Gjer ein viktig jobb dei siste minutta.
Pauseunderhaldning:
Vanskeleg å gi noken karakter på pauseunderholdningen i dag grunna dårleg oppmøte fra fjørabenken, kombinert med at kaupseungane tok fullstendig over både bana og måla i pausen, var så gale at Ulf Menes måtte be dei ha seg vekk når spelarane kom på bana igjen. Men dei som var der får for oppmøtet
Vegard Fnes: Står dar, ikkje noke WOW frå Fnesesen i dag heller, men er stadig i bedring
Olem: Var så ivrig at han fekk beskjed av Jens om å roa seg (kunne jo ikkje spela kampen grunna lysketrekk), men hadde eit par bra triks
Stian: Prøver fortsatt på ting han ikkje kan, som han trur han kan, som han ikkje får til