[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Åpna haustsesongen med siger

Forfatter: Jan Fuglesteg

31. juli 2012

Fotball
News article image

Fjøra fortsette den fine trenden dei viste før ferien og slo Lærdal på bortebane i kveld.

 
Fjøra vann kampen til slutt 4-2 etter at debutant Mats Nondal var frampå to gonger og førte Fjøra komfortabelt i føringa ved halvspelt kamp. Med andre ord ein flott debut av unge Nondal.

I 2. omgang ville ikkje Arild Lunde Underdal vera noko dårlegare og førte Fjøra opp i ei solid 4-0 leiing. Lærdal slo derimot raskt attende med to kjappe scoringar og hadde håp om å snu kampen. Men det makta ikkje lærdølene. Istaden auka Fjøra til 5-2 og kunne fortent innkassere 3 poeng.

Me har fått følgjande kommentar frå trenar Kjell Ertesvåg:

" Ein kamp der me varierte i prestasjonane, frå glimrande spel, til det meir svake. Defansivt har me god kontroll, men glepp 2 ganger, og dermed 2 baklengs. Flotte avslutningar av Lærdal, men det me gjer der er ikkje bra.

Offansivt gjer me til tider mykje bra, og med god uttlejing hadde me nok vore nære tosifra. Med meir kamptrening vil me nok verte meir stabile i prestasjonane. Ekstra kjekt med Mats Nondal, som i sin fyrste FFK-kamp, prestarar svært bra i tillegg til 2 flotte mål.

Haustsesongen er igang, godt å starte med siger. "

KAMPFAKTA

Lærdal IL - Fjøra FK  2-5 (0-2)

Mål
0-1, Mats Nondal, 35 min
0-2, Mats Nondal, 38 min
0-3, Arild Lunde Underdal, 64 min
0-4, Arild Lunde Underdal, 68 min
1-4, Kim Robert Bjørkum, 69 min
2-4, Simen Skjerping Øren, 75 min
2-5, Espen Granlund, 88 min

Gult kort
Kim Robert Bjørkum og Kristen R. Årethun, Lærdal IL

Domartrio
Vegard Yndestad, Florø SK. Assistentar: Inge Seglem, Årdal FK og Mats Andre Jevnaker, Årdal FK.

Lærdal (4-4-2): Per Einvald Aspevik - Åsmund Hunderi, Øystein Lindesteg Rinde, Jan Andre Cirotzki Voll, Joar Vatlestad - Kristen R. Årethun (Aleksander Offerdal frå 90. min), Andreas Natvik, Kim Robert Bjørkum (Anders Veum frå 80. min), Stian Vatlestad (Simen Skjerping Øren frå 64. min) - Øystein Aa Lysne (Christopher Brugrand frå 72. min) og Ole Johnny Cirotzki Voll

Fjøra (4-4-1-1): Håvard Kristiansen Bøyum - Jørn Kvalvik, Vegard Fardal Nes, Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug - Daniel Fylling, Ola Ødegaard, Ørjan Hjellhaug (Jens-Ivar Nilsen frå 79. min), Mats Nondal (Espen Granlund frå 75. min) - Johan Salveson (Stian Anhanger Solberg frå 68. min) - Arild Underdal