Fjøra - SIL 3 3-1
Forfatter: Fjøra FK
24. april 2015
3-1 til Fjøra, der alle måla kom i andre omgang
Det vart 3-1 seier til Fjøra mot eit kompakt og godt organisert Sogndal 3, anført av ein meget god Kristian Rutlin i Sogndal buret. Fjøra skapte ikkje allverden i den første omgangen men hadde fleire farlege dødballsituasjonar som Rutlin avverga med eit par kanonredningar.
I andre omgang gjorde dagens trenar, Arild Underdal, eit par grep som gjorde at Fjøra fekk meir trykk i midtbaneleddet sitt og kom stadig nærmare ei 1-0 leiing. Bakover tok Wigum og Saltnes seg greitt av det som kom og det var sjeldan SIL3 kom til dei store farlegheitene.
Tjue minutt ut i omgangen låg endeleg ballen i nettet bak Rutlin, då Hjeltnes fanga opp ein ball i returrom og banka ballen i mål via eit Sogndalbein. Ti minutt seinare er Fjøra litt uheldige i eigen boks og får ikkje avklart ein corner, noko Lerheim Olsen utnytta og utlikna til 1-1. Fjøraspelarane mista ikkje hovudet av eit mål i mot og fortsette og mala på og jaga mål. I det åttiande minutt gjer Sindre Rørvik eit fantastisk forarbeid på høgrekanten og legg ballen på sølvfat for Ole Morten Kvam, som enkelt kan breidsida inn sitt andre mål på to kampar. Kvam som jobba hardt kampen igjennom fekk plutseleg litt meir energi av målet og styrte no midtbana til Fjøra som om han aldri skulle gjort noko anna. SIL3 måtte fram no og Fjøra fekk eit par enorme muligheiter, men Rutlin avvergar først ei god avslutning frå Erik Loftesnes før det smell i metallet og Fjøraspissane klarer ikkje bestemme seg kven som skal setta returen i mål. Like før slutt punkterer Wigum kampen då han får gå opp heilt åleine på ein corner og headar ballen kontrollert i lengste hjørnet.
Fortjent seier til Fjøra som var tolmodige nok og ikkje fekk panikk sjølv om måla lenge uteblei, god egenskap å ta med seg vidare. Lagseier der alle bidrar positivt, også dei som kjem inn frå benken. Me gler oss no til å møta opprykksfavoritt Tornado/Måløy 1.mai og vil gjera det me kan slik at det vert ein kjekk busstur heim frå Måløy neste fredag.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 24.04 kl 19:00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Johnny Skjerven
Fjøra – SIL 3 3-1 (0-0)
1-0 64 min Anders Hjeltnes
1-1 74 min Andreas Lerheim Olsen
2-1 80 min Ole Morten Kvam (Sindre Rørvik)
3-1 86 min Gøran Wigum (Anders Hjeltnes)
Gult kort: Mathias Flo (SIL3)
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff
--------------------
Sindre Sanden
Elias Saltnes
Gøran Wigum (C)
Knut Ripe
--------------------
Håvard Lilletvedt (Erik Loftesnes fra 78.)
Ole Morten Kvam
Mats Nondal (Erik Fossnes fra 89.)
--------------------
Sindre Rørvik (Victor Aguiar fra 89.)
Steffen Olsen
Anders Hjeltnes