Børs Florø 2 - Fjøra
Forfatter: Fjøra FK
15. september 2013
Nettbuss sin wifi gir rekordrask børs fra Fjærland
Børs Florø 2 - Fjøra (5-2), 15.09.2013
God innsats av samtlege i dag, men prestasjonen var likevel ikkje god nok til poeng
XI:
Håvard Bøyum – 5
Lite og gjere med måla, kan kanskje ta det første på ein god dag men godt treff av Aase. Litt trekk for ein farleg igangsetting, men stort sett grei kamp av storsjarmøren frå Nornes.
Fredrik Tangen – 5
Flott innlegg til Arild på 2-2 og er våken når han tek eit raskt frispark i forkant av det første målet. Kan bruka seg endå meir og ligg av og til litt langt unna stopparen sin defensivt.
Torbjørn Ylvisåker – 5
Vert knust i lufta av Erlend Hove på 2-1 og slit som resten av forsvaret med å demme opp for Florøovergangane. God i etablert forsvar
Vegard Fardal Nes –5
Som sin stopparmakker ikkje like solid som me er vant til å sjå han men vinn samstundes ein del avgjerande duellar
Per Eirik Lunde – 5
Klarer seg bra på ein uvant venstrebackposisjon, men vil nok helst innatt som stoppar. Som vanleg sjef i duellspelet både langs bakken og i lufta
Olve Øvstetun – 5/6
Sterk i kroppen og gjer som vanleg mykje bra med ball. Går til tider litt for lenge med ball som gjer at han mister den. Utfordringa vert å halde seg på det gode nivået i nitti minutt
Ole Morten Kvam – 5
Ok kamp av Kvamsen, som naturleg nok ikkje har den same arbeidsradiusen han hadde når han trente for fullt.
Håvard Lilletvedt – 6
Betre enn på lenge av guten frå Arna. Sendte fruen til Bergen i helga og det er tydeleg at det å vera åleina i senga nokre netter hadde god innverknad på spelet til Håvard. Gode involveringar med ball og jobbar godt uten
Knut Ola Høvik – 6
Nok ein god kamp av Høvik, trass ei vekes ekskursjon på Jostedalsbreen. Fekk også prøvd skotfoten eit par ganger men traff betre på gårsdagens trening
Anders Hjeltnes – 5
Ikkje like god i dag som tidlegare i haust Anders, og det var tydeleg at han ikkje trivdes heilt i vinden og regnet i Florø. Likevel god innsats og god defensiv jobb.
Arild Underdal – 6/7
Viser at han veit å posisjonere seg inni boksen til motstandaren og får stå umarkert ved begge sine scoringar. God kamp av Underdal, det e berre å halde fram slik
Innbyttarar:
Roger Hjellis (frå 56.) – 5/6
Kjem inn på eit tidspunkt der det er litt Hawaifotball og gjer ein bra jobb.
Stian Solberg (frå 70.) – 5
Litt vel ivrig på å slå crosspasningar ein periode, og nokon av dei var heilt utan adresse. Fint med offansivt ved eit par høve
Eilert Brox Holme (frå 82.) – 5
Litt skuffa over at han ikkje fekk anledning til å henta sparkel i Førde, men klarte å motivera seg nok til å få seg nokre minutt på slutten