[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøraposten 2012

Forfatter: Jan Fuglesteg

28. mai 2012

Fotball
News article image

Eit av dei store høgdepunkta for mange er no distribuert i postkassene til folket i Sogndal kommune. Me snakkar om årets utgåve av Fjøraposten. Her er det litt for ein kvar smak og me trur at lesarane set pris også på 2012-utgåva.

Årets utgåve er på 40 sider og det er identisk med fjorårets utgåve. Same tjukkleik, betre kvalitet. Innhaldsmessig er det litt av kvart å lese, og me vil ikkje røpe for mykje for dei som ikkje har lese det enno.

Dei fleste som har motteke Fjøraposten i papirform har nok lese den. Men det er også mange andre lesarar rundt om i Noregs land og jamvel utanfor landegrensene som ikkje har høve til å motta den i papirform. Difor har alle desse no høve til å lesa den elektronisk.

Fjøraposten 2012 (7MB, pdf)

NB! Me noterer at årets kryssordløysing må sendast klubben innan 31. juli 2012. Det kjem nok mange til å gjera. Så skal me hugsa på å trekka ut vinnarane innan rimeleg tid etter innleveringsfristen. Der har me litt å forbetre frå i fjor.