Prematch: Lærdal IL - Fjøra FK
Forfatter: Jan Fuglesteg
30. juli 2012
Etter omlag ein månad stopp i seriespel, så er det no klart for haustsesong. Første kamp er bortekamp mot eit Lærdalslag i poengnaud. Me har ein prematch klar.
Trenar Kjell Ertesvåg har følgjande kommentar til kampen i morgon:
" Då er me klar for haustsesongen. Etter ein god ferie, har me trent godt sidan sist måndag. Me hadde treningskamp mot Voss sist tysdag, ein kamp som enda med 0-4 tap. Greitt nok, og brukbare prestasjonar, men kampen synte at Voss er eit topp 3. divisjonslag. Dei hadde og ei veke mir med trening i beina enn det me hadde. Det synte seg i slutten av begge omgangane. Ei nyttig økt iallefall.
Nokre justeringar i spelartroppen å melde om:
Anders Hella har gått over til Sogndal II. Anders har ambisjonar med fotballen, og ynskte seg over til Sogndal og deira toppidrettsmiljø. Dette har me ful forståing for, og ynskjer Anders lukke til i SIL. Espen Granlund har og takka for seg, han er ferdig med jobbpraksis i Lærdal og flyttar heimover. Takk for innsatsen begge to.
Inn i troppen har sogndølen Mats Nondal komme, Mats er 18 år og kjem frå SIL2. Me er lukkelege over at Mats no spelar for Fjøra FK.
I morgo står Lærdal for tur, eit Lærdallag som leverte svakt før ferien. Dei har nok trent godt i sommar, så dei vil garantert få ei stigning i haust. Vårt fokus ligg på oss sjølve, og om alle spelarane syner det rette innstillinga, så skal me ha med oss 3 poeng ut att frå Lærdal. Me har møtt Lærdal 2 gonger før i år. Me sleit veldig mot eit kompakt og aggressivt Lærdalslag i treningskampen, men hadde det lettare i seriekampen då Lærdal ikkje hang med. Me gledar oss til å komme i gang att, og spelarane har synt stå-på-vilje og speleglede på treningane. Noko som lovar godt! "
Troppen som tek turen over Sognefjorden er:
Bjarte Hovland, Håvard Kristiansen Bøyum, Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug, Ørjan Hjellhaug, Kenneth Nondal, Mats Nondal, Arild Underdal, Vegard Fardal Nes, Johan Elverum Salveson, Daniel Fylling, Stian Anhanger Solberg, Ola Egge Ødegaard, Jørn Kvalvik, Johan Vorgaard, Kai-Henry Haugen og Ole Morten Kvam
Me anbefalar sjølvsagt publikum å ta turen til Lærdal stadion for å følgja kampen med eigne auge, alternativt ta med seg live-overføringa til Firda.