Status Kjempenes Liga
Forfatter: Jan Fuglesteg
14. november 2011
Det nærmar seg snart Kjempenes Liga og i den forbindelse kjem me med ein liten statusrapport samt ein del interessant og viktig informasjon.
Per no er det meldt på 24 lag i herreklassa og 13 i dameklassa. Det er me glade for. Nettpåmeldinga i herreklassa er no stengt då me har oppnådd eit antal lag i denne klassa som kan delast på 4. Dersom det fortsatt er lag som er interesserte i å delta kan dei sende ein epost til KL-bas Tom Wolff Navarsete. Men me gjer oppmerksom på at det må melda seg på 4 nye lag dersom (28 totalt) dersom desse skal få vera med.
Når det gjeld dameklassa så har det vore ei målsetjing å få fleire lag til å delta. I år er me oppe i 13 lag og det ideelle er at det melder seg på 3 nye lag slik at det totalt kan bli 4 grupper. Påmeldinga på nett er fortsatt open. Me legg opp til at alle damelaga som har meldt seg på til no og fram til me stengjer påmeldinga får delta i turneringa. Kampdag for gruppespelet i dameklassen vert fredag.
Trekning av grupper
Trekninga av grupper vil skje i laurdag 19. november. Me vil leggja ut ei sak på heimesida til Kjempenes Liga etter trekninga. Det er viktig at alle lag gjer seg kjent med kortid dei skal spela sine kampar og at dei møter opp i Sognahallen i god tid før sine kampar. Dersom det er lag i herreklassen som har gode grunnar til at dei må spele enten fredag eller laurdag må dette meddelast KL-bas Tom Wolff Navarsete før trekninga finn stad. Kvar einskild henvending vil bli vurdert før endeleg avgjerd vert fatta.
Betaling
Tradisjonen tru får me ein del spørsmål angåande betaling så no difor er me proaktive og difor litt info om det. Det mest praktiske er kontant betaling i sekreteriatet ved oppmøte i Sognahallen.