[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch Skavøypollen-Fjøra

Forfatter: Fjøra FK

30. mai 2013

Fotball
News article image

Prematch før Fjøra sin kamp samt vurdering av resten av serierunde 7 i fjerdedivisjon

Då er det klart for den sjuande serierunden, der Fjøra møter Skavøypollen borte. Skavøypollen har gjort det litt dårlegare enn venta hittil då dei pr i dag ligg på sjetteplass med 8 poeng, medan Førde 2 toppar med det dobbelte. Me antar derfor at me møter eit heiltent Pollenlag, då kun seier er godt nok dersom dei skal holde følgje med tetlaga.

Me har ingen planar om å la dette skje, og går som vanleg for å ta med oss alle poenga heim frå ein tøff bortekamp. Me har hatt fin stigning i spelet vårt dei siste kampane og me har stort sett styrt alle kampane me har spelt hittil. Dette har me tenkt å fortsette med, også borte mot Skavøypollen. Det har vore ei god treningsveke der fleire og fleire melder seg på, noko som gjer det stadig vanskelegare å ta ut dei elleve som skal starte. Me gledar oss til kamp, og vil gjere vårt beste for at det skal bli ein god start på helga.

Troppen som skal prøva å få med seg poeng, og helst tre, i morgon er som følger: Håvard B, Jørn, Kristian, Per, Ole Marius, Torbjørn, Magnus, Olve, Håvard L, Øystein, Knut Ola, Ola, Mats, Kenneth og Daniel.

Ei lita vurdering av dei andre kampane:

Sandane – SIL 3

Sandane er det mestscorande laget i divisjonen, men har likevel vore heldige nokre kampar og fått med seg nokre knepne trepoengarar. Vil nok snart gå på ein smell men me trur ikkje den kjem her. Klink H

Florø 2 - Balestrand

Andrelaga til Florø og Førde har imponert hittil i sesongen og viser at det gror godt i dei aldersbestemte klassane. Balestrand har, ikkje uventa, plassert seg i botnsjiktet og der vil dei nok vera etter denne kampen også. Me trur Florø 2 stikk av med alle poenga, klar H.

Høyang - Jølster

Høyang fekk bank av Fjøra sist med 0-7. Sjølv om dei seks siste måla kom etter at laget var redusert til ti mann, kunne Fjøra punktert kampen også mens det var elleve mann på bana. Jølster henta inn Kaupanger si 3-1 leiing sist, og berga uavgjort men har kun ein seier sålangt. Svært åpen kamp som er nærast umuleg å tippa utfallet på. Vert evigunge Frichsen avgjerande for Høyang? Me trur det og tippar ein syltynn H

Kaupanger – Dale

Rundens bunnoppgjer. Kaupanger fekk sitt første poeng borte mot Jølster forrige helg, men ligg framleis sist på tabellen. Møter her Dale, som ligg tredjesist med sine fem poeng. Dette er derfor ein kamp Kaupanger bør eller nesten må vinne slik at dei får kontakt med laga over seg på tabellen. Me meiner laget fra skogen er vesentleg betre enn det tabellsituasjonen viser og trur det losnar skikkeleg til helga. Klink H

Førde 2 – Eid (mandag)

Rundens toppkamp, som vert spelt på mandag. Førstelaget til Førde er inne eit hardt kampprogram då dei har tre kampar i løpet av ei veke. Likevel har sunnfjordingane ein solid stamme også på andrelaget, noko som har ført laget heilt opp på førsteplass i fjerdedivisjon. Me trur på ein åpen kamp som kan vippe begge vegar, men at laga deler poenga. U