Eid - Fjøra 2-0 (0-0)
Forfatter: Fjøra FK
03. mars 2015
Jamn kamp mot Eid men Eid vann til slutt fortjent
Fjøra tapte til slutt 2-0 mot Eid i ein relativt jamn fotballkamp. Resultatet til pause var 0-0, men scoringar i andre omgang av Vebjørn Haugland (57 min) og Jan Olav Humborstad (78 min) gav Eid seieren. Ein veldig varierande forestilling av Fjøra, der spesielt første omgang var svak. Nok ein gang blir me spelt veldig låge og me slurvar mykje i pasningsspel og i press. Me skyv for dårleg og er ikkje aggressive nok i midtbaneleddet, som gjer at Eid i første omgang får trille veldig mykje ball. Likevel unngår me dei største sjansane i mot mens både Ripe og Hjeltnes har store sjansar til å score.
I andre omgang er me mykje meir med spelemessig og tidvis spelar me oss fint ut bakfrå men manglar litt trøkk siste tredjedelen. Hjeltnes har ein ny sjanse åleine med keeper han misser, men systrendingen har lova å score på slike sjansar når det blir litt varmare i veret :) Me gir også Eid større rom enn i første og dei får nokre store sjansar dei til slutt scorar to mål på. Ein grei gjennomkøyring for Fjøra, men eit lite steg tilbake samanlikna med dei siste treningskampane
Fjøra:
Andreas Horvei
Erik Fossnes (Victor Aguiar fra 65.)
Elias Saltnes
Torbjørn Ylvisåker
Knut Ripe
Steffen Olsen
Ole Martin Bolset
Håvard Lilletvedt
Victor Aguiar (Erik Loftesnes fra 46.)
Anders Hjeltnes
Mats Nondal
For fyldig kampreferat og bilder sjå haugenfotball.no eller følg denne linken: http://www.haugenfotball.no/fakta150303eidfjora.html
Foto: Stig Høynes