Kontrollert siger mot Stråndi
Forfatter: Jan Fuglesteg
07. mai 2012
Fjøra vann lokaloppgjeret mot Veitastrond komfortabelt med sifrane 6-2 og tok dermed sin tredje strake siger i årets 4. divisjon. Med denne sigeren klatra fjørene opp på tabelltoppen før Sogndal II sin kamp i morgonkveld.
Trenar Kjell Ertesvåg har følgjande kommentar etter kampslutt:
" Vart ein grei kamp, der me har kontroll heile vegen. I periodar spelar me flott fotball, men det er og periodar me ikkje presterar bra nok.
Me skårar 6 flotte mål, og me slepp inn 2 særs lette mål. Me vinn mot ein vanskeleg motstandar, som var godt organisert og dei stod godt på heile kampen. Alt ialt er me godt fornøgd, me vinn, skårar 6 mål og har full kontroll. "
Fjøra leverte ein ok kamp mot Veitastrond. Me tykkjer det er positivt at laget scorar mange mål, og at fleire av dei kjem etter flott spel og gode prestasjonar. Med litt meir presisjon og det å gjera ting enklare så hadde Fjøra scora fleire mål. Bakover så har Fjøra god kontroll stort sett igjennom heile kampen. Strondi var på gang etter at dei reduserte i 1. omgang, men Fjøra hadde bra kontroll på det strendingane bydde på inn mot pause.
I 2. omgang hadde Fjøra mange sjansar, men dei greidde ikkje å sette desse før det losna dei siste 10 minuttane då det "hagla" med scoringar. I denne omgangen såg ein tydeleg kvalitetsskilnad på laga. Fjøra hadde langt meir trøkk og tempo enn gjestane og fekk etterkvart lett match.
Fjøra tok tak
Det var Fjøra som kom best i gang i denne kampen. Nøkkelord er å halda tempo og presisjon oppe og freiste å få eit så tidleg mål som mogeleg. Me noterte ei avslutning som VIL-keeper Morten Nes fista over frå 5 meter. Då var det spelt 5 minuttar. Nokre minuttar seinare var det Anders Hella sin tur då han fekk avslutta inne i boksen til VIL etter eit innlegg. Skotet vart blokkert.
Kampbildet fortsette slik ei stund. Fjøra hadde trøkket, og VIL kom på ei og anna kontring som dei ikkje greidde å skapa noko ut av. Fjøra hadde ein god sjanse som var nær ved å gå i mål etter at ballen skifta retning etter å ha vore innom ein VIL-spelar. Ballen gjekk like til side for mål.
Tre kjappe
Etter 21 minuttar gjekk Fjøra opp i fortent leiing. Angrepet som leia til målet var direkte med god presisjon og rytme. Daniel Fylling slo ein pasning der Ørjan Hjellhaug kom i løpsduell med Glenn Thomas Nilsen. Hjellhaug viste fram hurtigheiten sin og sprang seg fri frå Nilse, passa ballen inn til Stian A. Solberg som hadde ein einkel jobb med å breiside ballen i mål.
Tre minutt seinare var det Sebastian T. Eriksen sin tur. Fjøra fekk frispark på hjørna av VIL sin 16-meter og Eriksen klinka likså godt til. Ballen i mål i keeperhjørna.
Men gjestane ville også vera med på leiken og nokre minutt seinare fekk dei også nettkjenning. Me lyt innrømme at VIL var litt heldige i denne situasjonen, då pasninga fram til målscorar Kurt Heggestad var va den tilfeldige sorten. Ei takling der ballen spratt sli at Heggestad kom åleine igjennom. Når Heggestad først fekk sjansen viste han god klasse. Sprang i gjennom og netta sikkert.
God VIL-periode
Etter reduseringa hadde VIL ein god periode (og Fjøra ein dårleg periode?). Inspirert av si eiga scoring kom dei oftare inn på Fjøra sin banehalvdel. Fjøra sleit med spelet sitt og det var VIL som skapte sjansar. Mellom anna hadde Ivan Jokic ein sjanse til å utlikne då han fekk ein stikkar av Kurt Heggestad. Men avslutninga vart for dårleg. Nokre minuttar seinare hadde VIL eit godt frispark-lege 16 meter frå Fjøraburet, men både frispark og retur hamna i Fjøramuren.
Viktig Fjørascoring
I VIL sin beste periode i kampen så var det viktig at Fjøra greidde å slå "kontra". Daniel Fylling fekk gå opp på 5 meter og nikka ein Fjøracorner knallhardt i mål. Dette målet var nok ein skikkeleg knekk for gjestane å få i fleisen rett før pause. Meir skjedde ikkje og Fjøra kunne gå til pause med fortent leiing.
Sjansesløseri
Fjøra var det styrande laget heile 2. omgang. Fjøra spelte seg fram til ein god del sjansar og endå fleire "nesten-sjansar", men avsltningane vart enten blokkerte eller redda av VIL, eller så var det gjort for vanskeleg av Fjøra. VIL virka sluttkøyrte utover i omgangen og Fjøra fekk etterkvart lett spel.
Måla rann inn mot slutten
Med eit slikt kampbilete måtte det resultere i fleire scoringar for Fjøra. Og dei kom. Etter knappe 80 minuttars spel var det Fjørakaptein Vegard Fardal Nes som stussa ein corner i mål bak Morten Nes i VIL-buret. Fem minuttar seinare var det klart for 5-1 ved Anders Hella. Han drog til på halvspretten frå 25 meter og ballen gjekk inn i hjørna via fingertuppane til Morten Nes. Godt skot av Hella. Tre minuttar før slutt sette Sebastian T. Eriksen inn sitt andre mål for kvelden og 6-1 til Fjøra. Målet kom etter flott Fjøraspel der Espen Granlund og Kenneth Nondal kombinerte fint før sistnemnde fann Eriksen inne i boksen som einkelt kunne sette ballen i mål på bortimot blank kasse. Men det var gjestane som skulle scora kampens siste mål og det kom på straffe etter at Bjarte Hovland felte Kurt Heggestad inne i eigen boks. Ivan Jokic var sikker frå 11-meteren. Ballen i eit hjørna, Hovland i det andre. Dermed enda kampen med 6-2 siger til Fjøra. Fortent siger, rett og slett avdi Fjøra var eit betre lag i denne kampen.
Sluttord
Fjøra har som målsetjing å vera med å kjempa oppe i toppen. Då er det viktig å få ein god start på sesongen. Det har Fjøra fått både når det gjeld poeng og prestasjonar. Som nedrykka lag så har ein, med rette, lett for å bli sett på som favorittar i kvar bidige kamp av motstandarane. Skal ein vera med i toppen så er dette noko ein må takle og hittil har Fjøra takla dette fin-fint. Det handlar om nullstilling kjapt etter kampane, fokus på treningsarbeidet for så å bygga seg mentalt opp til ny kamp.
Neste kamp for Fjøra er ein ny vanskelg bortekamp. På førstkomande fredag tek Fjøra turen til Nordfjord og Sandane for å møta eit heimelag som står med to strake sigrar og som også har ambisjonar om å vera med på å prega toppen av tabellen. Vanskeleg, men me gler oss til å ta turen til Idrettsplassen. Dette er ein fredagskamp.
Lenkjer
Liveoverføring
Referatet Veitastrond si heimeside
KAMPFAKTA
Fjøra FK - Veitastrond IL 6-2 (3-1)
Mål:
1-0, Stian A. Solberg, 21 min
2-0, Sebastian T. Eriksen, 24 min
2-1, Kurt Heggestad, 26 min
3-1, Daniel Fylling, 44 min
4-1, Vegard Fardal Nes, 79 min
5-1, Anders Hella, 84 min
6-1, Sebastian T. Eriksen, 87 min
6-2, Ivan Jokic, 90 min (str.)
Gult kort:
Bjarte Hovland og Tor Ove Anuglen, Fjøra FK. Glenn Thomas Nilsen og Kenneth Mo, Veitastrond IL
Domartro:
Per Oddvar Lien, IL Høyang. Assistentar: Eirik Nordgård Strupstad, Hafslo IL og Ragnar Åmot, Jølster IL
Tilskodarar:
Ca 100 stk
Fjøra (4-2-3-1): Bjarte Hovland - Jørn Kvalvik, Vegard Fardal Nes, Tor Ove Anuglen, Roger Hjellhaug (Ole Marius A. Solberg frå 25. min) - Ola Egge Ødegaard, Daniel Fylling - Sebastian T. Eriksen, Anders Hella, Ørjan Hjellhaug (Kenneth Nondal frå 62. min) - Stian A. Solberg (Espen Granlund frå 59. min)
Veitastrond (4-4-2): Morten Nes - Øyvind Lien (Rune Frækaland frå 82. min), Frank Robert Værn, Kennth Mo, Glenn Thomas Nilsen - Richard Nes, Ole Petter Hatlevoll (Olai Johnsgård frå 64. min), Sverin Rokne (Gisle Selseng frå 13. min), Åsmund Øgar - Kurt Heggestad og Ivan Jokic