Fjørabloggen 2015
Forfatter: Fjøra FK
16. januar 2015
Også Fjøra har ivrige bloggarar, og her kan du lesa litt om dei første to vekene av oppkøyringa.
Blogging er mykje omtalt for tiden og me i Fjøra tenkte me måtte henga oss på dette. Med ujamne mellomrom vil me derfor publisera nokre innlegg frå ein eller fleire spelarar om oppkøyringa som no er i gang for fullt. Årets første Fjørablogg er dermed ute:
Utgangspunktet for denne spelarbloggen er å ha eit skråblikk på miljøet i og rundt årets spelargruppe i Fjøra Fotballklubb. Mest for vår eigen del, men er du utanforståande står du sjølvsagt fritt til å lese, på eige ansvar. Inspirasjon er mellom anna henta frå suksesserien Iskrigerne som skildrar garderobemiljøet i Vålerenga hockey. Men også Tangerudbakken Borettslag er ein serie som delar av denne spelargruppa lett kan relaterast til.
I dette første innlegget vil eg presentere utgangspunktet for årets utgåve av Fjøra. Foran denne sesongen av Fjøra Fotballklubb har som kjent sportsleg leiar Jan Rune Årøy utpeikt Håvard Hatle til ny storbonde. Håvard tek med seg Tobbe og Arildo som medhjelparar inn i teamet, og til gjengjeld slepp desse to billegare unna når det kjem til intervalløkter :-)
Med bakgrunn i at Fjøra har henta namnet sitt frå Sogndalsfjøra og hovudtrenar omtalast som storbonde, vil det vere tilnærma historisk korrekt at spelarstallen då reknast som strandsitjarar (gardsarbeidarar). I Fjøra-stallen får storbonden med seg dei same strandsitjarane som avslutta haustsesongen, men han har likevel vore tydeleg på at dersom vi skal få gjennomført sesongen i tråd med Årøy sine forventingar, må det også forsterkingar til. Fram til no er det difor stadfesta 3 nye fjes i Fjøra-stallen.
Mest kjent er nok Tommy som etter eit par år utanfor rampelyset no kjem inn som den største attraksjonen i Fjøra-troppen. Vålerenga-dødaren har i løpet av dei to første vekene levd opp til uttrykket "form is temporary, class is permanent". Han briljerar med ball i beina, medan det framleis er noko forbetringspotensiale i returløpa. Tida vil vise om han vert med når det er behov eller om han vert med tilnærma for fullt, me håpar sjølvsagt på det siste. Uansett, skulle Tommy og Rekdal møtt kvarandre til ny duell i dag hadde vi alle satt pengane våre på Tommy. Det hadde nok Rekdal også, sidan han er så flink til å tippe.
Elles har Fjøra også fått underskrifta til Erik og Eirik, eller var det Erik og Erik?! Eg veit ikkje, men begge responderer uansett kva namn eg nyttar, så då er det greitt. For eit utrena auge er det heller ikkje lett å sjå forskjell på dei i utsjånad eller spelestil. Begge rasar opp og ned sidelinja frå kvar sin backposisjon. Likskapen gjev assosiasjonar til suksessfulle backpar som brørne Neville eller da Silva. (Erik og Erik er ikkje brør). Eg vil med dette oppmode kantspelarar i årets 4. divisjon til å droppe ein vaffelsøndag i ny og ne og heller ta seg ei ekstra langkøyring, skal de halde følgje med desse to duracell-kaninene.
Gjennom dei to første vekesoppdraga er det særskild Olsen som har leika og herja inne på kunstgrasmatta. Det har rett og slett sett ut som bergensaren med den utprega ariske utsjånaden skal få ein kanonsesong. Det kom likevel ikkje som noko sjokk då Olsen enda denne treningsveka på tribuna med kneskade. Eit kjedeleg tilbakeslag då ordet på gata har vore at Real Madrid har vurdert Olsen som ein fullverdig erstatning, dersom dei ikkje får ordna barnehageplass til ein viss Ødegaard og den overgangen då strandar.
Etter to gode fullførte treningsveker har storbonden avgjort å lønne strandsitjarane med ekstratrening i morgon, laurdag. På toppen av det heile har han lova at det ikkje vert intervalltrening på denne økta. Stemninga er altså særs god i Fjøra-troppen halvvegs inn i januar! Snakkes bloggen!