Florø 3 - Fjøra 0-5
Forfatter: Fjøra FK
11. september 2015
Fjøra med fire dødballscoringar
Eit skadeplaga Fjøralag vann til slutt 5-0 mot Florø 3, men Fjøra brukte ein omgang på å komma skikkeleg i gang. Dei unge Florøspelarane viste god løpsvilje og var flinke til å trilla ball mens Fjøra var litt på etterskot i starten av kampen. Fjøra forsvarte seg likevel godt og slapp sjeldan Florø til dei store sjansane. Åtte minutt ut i kampen gav Per Eirik Fjøra leiinga etter eit godt slått frispark frå Eirik Kristoffersen. Fjøra hadde eit par store sjansar til etter dette men 1-0 stod seg til pause etter ein jamn omgang.
Fjøratrenar Hatle gav klar beskjed i pausen om at han forventa meir av spelarane sine, og alt ti minutt ut i andre omgang hadde Fjøra auka leiinga til 3-0. Først var det Mathias som jaga eit tilbakespel og gjorde grovjobben før Loftesnes kunne putta på blank kasse og like etter var Mathias sjølv frampå og heada ein dødball i mål. Fjøra framstod no mykje betre enn i den første omgangen og utover i omgangen vart det to dødballmål til. Først ved Mathias og til slutt ved innbytar Elias Saltnes, begge assistert av Per’n etter gode dødballar av Kristoffersen.
Ingen god første omgang av Fjøra, men laget viste styrke og henta seg veldig bra inn igjen etter pause. Nok ein solid defensiv kamp og for tiande gang i år held Fjøra nullen. Fire dødballmål og dødballansvarleg Arild Underdal kan dermed kosa seg med eit velfortjent glas vin i kveld.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 11.09 kl 19:00
Arena: Florø kunstgras
Turnering: Seriekamp
Dommar: Erlend Nondal Lereim
Florø 3 – Fjøra 0-5 (0-1)
0-1 8 min Per Eirik Lunde (Eirik Kristoffersen)
0-2 50 min Erik Loftesnes (Mathias Flo)
0-3 55 min Mathias Flo (Knut Ripe)
0-4 69 min Mathias Flo (Per Eirik Lunde)
0-5 85 min Elias Saltnes (Per Eirik Lunde)
Gult kort: Ole Morten Kvam
Fjøra (4-4-2):
Håvar Mjelleli (Andreas Horvei fra 89.)
--------------------
Erik Fossnes
Per Eirik Lunde (Ole Marius Solberg fra 86.)
Knut Ripe
Eirik Kristoffersen
--------------------
Erik Loftesnes
Kees Erstad
Ole Morten Kvam (Elias Saltnes fra 80.)
Mats Nondal
--------------------
Mathias Flo
Sindre Rørvik (Jens Ivar Nilsen fra 62.)