[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra-Årdal 2 6-0

Forfatter: Fjøra FK

22. juni 2014

Fotball
News article image

Fjøra vann lett og tok sin åttande strake seier

Fjøra vann 6-0 over Årdal 2 i dag, og tek no ferie etter sin åttande strake siger. Sigeren var ikkje eit mål for liten mot eit tynt besatt Årdal 2-lag som kom til Sogndal med kun ein reserve, attpåtil ein keeperreserve.

Årdølene la seg som venta djupt frå start og prøvde og holda nullen lengst muleg. Såpass djupt låg dei at forsvaret til Fjøra trilla ball upressa innpå halvdelen til årdølene. Mangel på besluttsomheit siste tredjedelen gjorde at det tok litt tid før dei store sjansane kom, men Fjøra spelte seg tolmodig nærmare og nærmare målet til Gilleshammer. Og når først Ole Morten heada ballen i mål etter 27 minutt kom det to til like etter. Både Ole Morten og Håvard sitt mål to minutt seinare kom etter presise hjørnespark av henholdsvis Olve og Knut Ola. Så, etter 31 minutt, var det Daniel som gjorde eit flott forarbeid til Hjeltnes som netta for tiande gang i år og 3-0 til pause.

I andre omgang virka det lenge som Fjøra var fornøgde og det var litt lite trøkk og tempo i spelet. Men innbytarane sette fart på kampen igjen og etter 70 minutt auka Karlis Bremers leiinga til 4-0. Dei to siste måla var det Hjeltnes som stod for og dermed hans andre hattrick i år og 12 mål totalt hittil. Før måla til Hjeltnes brende Årdal 2 ein straffe då ein årdøl lobba ballen i tverren og over. Straffen kom då Årdal 2 for første gang nærma seg målet til Fjøra og var av den billige sorten. Tretten minutt før slutt fekk også Jørgen Christian Lindstrøm sin Fjøradebut og han gjorde sine saker bra i ein sentral midtbaneposisjon. Når han fekk på seg den raude drakta og entra bana hadde han berre ein kommentar, for dette var stort for den unge sogndølen: «waaaaao»

Ingen tvil om at Fjøra har avslutta vårsesongen sterkt og åtte strake sigrar har ført til enorm sjølvtillit i laget. Målskilnad på første tre kampane var 2-9 medan den på dei åtte siste er solide 27-2 så nesten litt synd at laget no tek ein lang men velfortjent sommarpause. Neste kamp for Fjøra er borte mot hardtkjempande Vik 5.august før dei tek i mot Florø 2 til toppkamp 11.august på Campus.

Bonus:

3 – Mathias N Nese

2 – Anders Hjeltnes

1 – Daniel Fylling

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Søndag 22.06 kl 15:00

Arena: Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Vidar Hilmen

Fjøra – Årdal 2  6-0 (3-0)

1-0   27 min Ole Morten Kvam (Olve Øvstetun)

2-0   29 min Håvard Lilletvedt(Daniel Fylling)

3-0   31 min Anders Hjeltnes (Daniel Fylling)

4-0   70 min Karlis Bremers (Olve Øvstetun)

5-0   84 min Anders Hjeltnes (Daniel Fylling)

6-0   89 min Anders Hjeltnes (Håvard Lilletvedt)

Gult kort: Ingen

Fjøra (4-2-3-1):

Espen Staff- Mathias Bladimir N Nese, Ole Morten Kvam (Jørgen Christian Lindstrøm fra 77.), Torbjørn Ylvisåker (Kees Erstad fra 50.), Knut Ripe (Victor Aguiar fra 57.)- Knut Ola Høvik, Olve Øvstetun- Anders Hjeltnes, Daniel Fylling, Håvard Lilletvedt- Steffen Olsen (Karlis Bremers fra 68.)