[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Møter FSK i 1. NM-kvallik

Forfatter: Jan Fuglesteg

17. mars 2012

Fotball
News article image

Norges Fotballforbund har sett opp første kvalifiserande runde til årets NM. Fjøra har fått heimekamp og møter der eit lag dei aldri tidlegare har tapt for i NM-samanheng.

Motstandar for Fjøra er Florø SK, eit lag Fjøra har møtt fem gonger i NM-cupen. Like mange Fjørasigrar og 16-2 i målskilnad. Men det er nokre år sidan sist laga møttest i cupen, nemleg i 2008. Sidan den gong så har Fjøra slite voldsomt med FSK sin kjappe, tekniske fotball.

Kampen skal i utgangspunktet spelast 9. april kl 16:00 (2. påskedag), men kan spelast før om laga einast om dette.

Oppsettet for dei andre laga frå fylket er:

Kaupanger IL - FBK Voss
Årdal FK - Saga FK
Førde IL - Vik IL
Eid IL - Tornado Måløy FK
Stranda Fotball - Stryn TIL

Sogndal kjem inn i 1. ordinære runde.