[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Førde 2 - Fjøra 4-3

Forfatter: Fjøra FK

26. juni 2013

Fotball
News article image

Tap i toppkampen før ferien

Det vart 4-3 tap for Fjøra i toppkampen borte mot Førde 2 på Hafstad Idrettspark onsdag kveld. Ein dårleg førsteomgang øydela litt for Fjøra, som før dagens kamp også måtte rundt på bygda for å skaffe folk til å fylle opp troppen.

 

Det starta godt for Fjøra som alt etter fem minutt gjekk opp i leiinga ved Kenneth Nondal. Terje Flugheim flikka Ørjan Hjellhaug nydeleg gjennom på høgrekanten, han sendte ballen inn framfor mål der Nondal hadde spunge seg fri og breisida inn 1-0 til Fjøra. Flott spel av Fjøra men etter dette tok Førde 2 over banespelet og kom til nokre nestensjansar. Etter 19 minutt prøver Ylvisåker og takle Vie idet han skal avslutte og får også pirka vekk ballen. Dommaren meiner Fjøra sin kaptein tek både mann og ball og peikar på straffemerket, ein straffe Oppedal set sikkert i mål. Berre fem minutt seinare feilberegnar Bøyum eit gjennomspel og Daniel Kalvågnes headar ballen i det tomme målet. Førde 2 har dermed snudd kampen, og 2-1 stod seg også til pause.

 

Fortjent leiing til Førde 2 til pause, i ein omgang der Fjøraspelarane vart ståande litt for mykje å sjå på. I tillegg var viljen til å kvila med ball i laget litt for dårleg og dermed vart ein springande litt for mykje etter. Dei gangene ein torde å spele ball vart det småfarleg men utan at ein kom til dei heilt store sjansane med unntak av målet.

 

Det var tydeleg at Fjøra hadde bestemt seg for å bretta opp ermene i andre omgang for dei framstod mykje meir aggressivt og torde også mykje meir med ball. Etter 72 minutt kom også utlikninga og nok ein gang var det Kenneth Nondal som noterte seg for nettsus. Han skrudde eit frispark nydeleg over muren slik berre Nondal og Beckham kan og dermed 2-2 og ny spenning i kampen. Men berre tre minutt seinare var Ole Morten Kvam uheldig med eit tilbakespel til eigen keeper. Tilbakespelet vart litt for kort og Daniel Kalvågnes var våkent frampå og sette inn 3-2 til heimelaget. Når Robert Skarstein headar inn ein presis corner i det 78. minutt vart det vanskeleg for Fjøra og ein kom ikkje nærmare enn ei redusering på overtid. Det var nok ein gang Kenneth Nondal som var involvert då han sendte eit innlegg via ein Førdeforsvarar og i mål.

 

Det enda dermed med eit fortjent 4-3 tap for Fjøra, som med det også datt ned til sjetteplass på tabellen, seks poeng bak ledarlaget Førde 2. Litt skuffande tap då me er uheldige med eit par av måla i mot samstundes som me ikkje er heilt på nett i første omgang. Det virka litt som me i periodar mangla sjølvtillit til å spela ball og det skulle det ikkje vera noko grunn for. No vert det ein etterlengta ferie for Fjøra som siste veka har hatt såpass med fravær at fire personar utanfor stallen stillte i dagens tropp. Det vert viktig å stable på beina dei som har vore skada samtidig som me håpar å få inn nokre nye ansikt til haustsesongen startar med heimekamp mot Jølster.

 

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Onsdag 26.06.13 kl 19.00

Arena: Hafstad Idrettspark, kunstgras

Turnering: Seriekamp

Dommar: Frank Heggestad (Strondi)

Tilskodarar: ca 130

Førde 2 - Fjøra 4-3 (2-1)

0-1        5 min Kenneth Nondal (Ørjan Hjellhaug)

1-1      19 min Harald Oppedal (str)

2-1      24 min Daniel Kalvågnes

2-2      72 min Kenneth Nondal

3-2      75 min Daniel Kalvågnes

4-2      78 min Robert Skarstein

4-3      90 min Niklas Helgheim, sjølvmål (Kenneth Nondal)

Gult kort: Ørjan Hjellhaug, Torbjørn Ylvisåker, Olve Øvstetun

Førde 2 (4-3-3):

Hanssen- Kvamme, Helgheim, Oppedal, Hilding- Kyte, Angedal, Skarstein- Sandvoll, Vie, Kvalvågnes

Fjøra (4-2-3-1):

Håvard Bøyum- Vegard Fardal Nes (Eilert Brox Holme fra 62.), Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Ola Ødegaard- Øystein Wilkensen, Ole Morten Kvam – Ørjan Hjellhaug (Jarle Flugheim fra 81.), Olve Øvstetun, Kenneth Nondal- Terje Flugheim