[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Årdal 1-5

Forfatter: Fjøra FK

06. februar 2015

Fotball
News article image

Svak prestasjon av Fjøra mot eit solid Årdallag

Fjøra tapte i kveld 5-1 mot Årdal etter å ha lege under med 3-0 til pause. Årdal framstod rett og slett som eit meir solid lag men me meiner også Fjøra gjorde sitt til at dette etter kvart vart lett match for årdølene. Mens Årdal trøkte til i duellane og jobba samla og hardt for kvarandre var det noko puslete og ubesluttsomt over Fjøraspelarne. To straffar i mot er eit godt bilde på at me i store deler av kampen var litt på etterskot, noko me må ta lærdom av når me allerede i morgon kl 1300 skal ut i ny kamp mot Follese. Fjøra sitt mål vart scora av Per Eirik Lunde etter ein corner fra Håvard Lilletvedt