[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Follese 3-1 (2-0)

Forfatter: Fjøra FK

07. februar 2015

Fotball
News article image

Fjøra reiste seg etter kampen mot Årdal i går og slo Follese

Fjøra viste eit heilt anna engasjement i dagens kamp mot Follese enn i går mot Årdal og vann til slutt 3-1 i ein jamn fotballkamp. Fokuset foran kampen var å jobbe meir som eit lag og ha kontakt både innad i ledda og mellom ledda. Dette klarte fjørene relativt bra, så får det heller vera at me etterkvart mista ballen litt for lett offansivt og at me ikkje hadde roen til å kvila med ballen i laget.

1-0 kom etter om lag kvarteret då Sindre Sanden rulla opp på venstrekanten. Innlegget hans fann Karlis på bakerste som fint la ut til Steffen som breidsida ballen i mål. Ti minutt seinare var det ein god Elias Saltnes som var frampå etter ein corner fra Håvard Lilletvedt. Elias fekk corneren litt bak seg men halvvegs brassa ballen i nærmaste hjørnet og 2-0 til Fjøra som stod seg til pause. I andre omgang løfta Follese spelet sitt litt lenger opp i bana og trykte i periodar Fjøra litt. Fjøra stod godt i mot men var sjeldan flinke nok til å holde i ballen når ein fekk tak i den, tempo og kvalitet var litt for dårleg. 57 minutt ut i kampen spelte Follese seg gjennom på kant og slo hardt inn framfor mål der ein Follesespelar pirka ballen forbi Staff i Fjøramålet. Like etter vart nok Follese snytt for frispark midt på bana då Fjøra istaden sette fart og Steffen fant Erik Loftesnes på bakerste som sette ballen i mål til 3-1. 

Alt i alt ein ok kamp av Fjøra. Framleis litt å jobbe med men eit godt resultat mot eit topp fjerdedivisjonslag i Hordaland