Fylling's hörna!
Forfatter: Fjøra FK
24. mars 2013
Litt seint men Fyllings hörna fra Follesekampen er klart.
Børs Follese - Fjøra 23.03.2013
Vanskeleg børs ettersom 75 min. av kampen var godkjente og dei resterande; tja, heller tvilsomme.
XI:
Håvard Bøyum - 6
Fortset der han slapp mot Smørås, men fekk ein god del mindre hjelp av dei foran seg idag. Veldig god med ballen i beina og distrubuerer fint.
Jørn "Scholes" Kvalvik - 7/8
Undertegna hadde lyst å gi storskoraren ein klar 8ar, men etter klager fra blant anna Bearnaisesauskongen Solberg vart denne begrensa. "Ein so cocky Kvalvik ha ingen godt av", var det folk som meinte. Likevel var det ingen som sa noko på at Jørn smilte litt ekstra lurt etter dagens kamp. Guten, som står med 0 mål i gjeldande kampar (Tony Hibbert?), putta to mål i ein og samme kamp mot sin bror (Kvalvik jr.), der det eine var meget pent. Eg trur egentleg det ikkje trengs å seie så mykje meir, men folk må berre få ta innover seg det som har skjedd. Jørn Kvalvik. 2 mål. Samme kamp.
Olem Solberg/Vegard Fardal Nes - 4
Slakta seg sjølv etter kampen og det kanskje med god grunn. Spelar ein solid 1.omgang der begge er flinke både med og uten ball, men såg ut som fulle speiderjenter på leir dei første 15 av 2.omgang og Fjøra slepp inn 4 raske mål. Skal seiast at det var ingen som spelte bra desse minutta. Begge spelte seg opp igjen etterkvart, men ein kan rett og slett ikkje tillate seg slike feil.
Kristian Nornes - 4/5
Som vanleg mange fine initiativ framover, men må bli litt meir bestemt i innleggssituasjonar. Er ein del av den kollektive forsvarssvikten i andre. Må uansett berre fortsette å vere modig framover så kan dette bli veldig bra!
Ola Egge Ødegård - 6/7
Første 30 min. av kampen er noko av det beste eg har sett av Ola defensivt sidan han kom til klubben. Var både høgt og lavt. Takla på seg sikkert 15 brannsår og hadde det nok ikkje så kjekt i dusjen etter kampen. Klaga veldig på at han var sliten (som om Ola kan bli sliten!) og gleda seg nok til påskeferie heima hjå Vossamor.
Olve Øvstetun - 6
Mykje bra med ball og får pluss for fin tunnell. Kan av og til velge litt enklare løysningar, men dette kjem seg med litt speletid. Bit godt fra seg i duellane til tross for alderen. Blir nok mange "nutmegs" framover fra denne karen.
Kenneth Nondal - 6
Idag var Kenneth enda litt bedre enn i kampen mot Smørås og nærmar seg stadig storform. To fine assist til Kvalvik noko som viser at guten har sympati og omsorg nok. Gode dødballar kampen igjennom og kombinerer fint fleire gongar. Etter som kondisjonen blir bedre kan han og bli flinkare i returløpa sine.
Håvard Lillestvedt - 4/5
Litt usynleg kamp fra bergensaren (som tydlegvis er alle uteplassars store skrekk, slapp ikkje inn nokon plass), men ein ser fleire tendensar til gode kombinasjonar med medspelarane offensivt. Litt meir nøyaktigheit så kunne dette vore bra.
Mats Nondal - 6
Spelte på motsatt kant som eldstebroren og leverte varene. Fantastisk innsats i duellspelet og gir seg aldri. Skikkeleg oppofrande rett og slett! Mykje bra med ballen og må berre tørre å utfordre endå meir framover. Lovande!
Arild Underdal - 4/5
Som Håvard, litt usynleg kamp av playboyen idag. Om dette er fordi lagkameratane er slemme med pasningane eller dårlige initiativ framover er uvisst, men det som er sikkert er at Arild har mykje meir inne enn han fekk vist idag.
Innbyttarar:
Øystein Wilkensen - 6
Kjem inn og gjer nøyaktig det som trengs for at Fjøra får grep om kampen igjen. Får opp balltempoet og trøkker til i duellane. Ok innhopp og fortsett den positive trenden.
Daniel Fylling - 5
Fekk siste 15 minuttane i rollen mellom spiss og midtbane, og hadde ein finfin assist til Ørjan. Ein del slurvete fiksfakseri trekk ned. Får også litt trekk fordi han fredag klaga på at dei gule draktene var krympa i vask og ikkje passa kroppen hans like godt lenger
Ørjan Hjellhaug - 5/6
Bra innhopp av vetlebror Hjellhaug då han både skorar og lagar trøbbel på topp. Spring på alt og plagar forsvarane til Follese.
Eilert fekk og komma innpå mot slutten og hadde ein finfin pasning mellom stoppar og back. Berre spørr han sjøl!
Pauseunderhaldning:
Pasningsgris der Eilert, som alltid, vart den største grisen. Nøffnøff.