[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fylling's hörna

Forfatter: Fjøra FK

20. april 2013

Fotball
News article image

Børsen fra gårsdagens serieåpning mot Jølster er klar!

Børs Jølster - Fjøra 0-0 19.04.2013

Her kjem børsen fra årets første seriekamp. Ein av dei kjedeligaste kampane i verdenshistorien, men me forsøker likevel.

XI:

Håvard Bøyum - 6/7
Ein FIFA-redning av ypperste klasse på slutten av 1. omgang. Ikkje veeeldig mykje å gjere akkurat, men tek seg av det som kjem.


Jørn Whalebay - 5

Ein kamp på det jamne fra Askøys beste utflyttar bak Dagfinn Lyngbø. Lova sexyfotball før start, men dette var omtrent like sexy som Moskva-Marit i Borat-mankini. Lite tunnelar, dragningar og generelt lite fiksfakseri. Stort minus i boka!


Olem Solberg - 7 FB (Fjøra's Beste)

Litt usikker på kvaliteten på Jølsterspissane, men kaptein Solberg tilintetgjorde iallfall den trusselen rimeleg effektivt. Brukar det store hovudet sitt til fleire viktige klareringar i løpet av kampen og tapar knapt ein duell. Får trekk for tidenes verste forsøk på stupheading.


Per E Lunde - 6/7

Som sin stopparmakker veldig bra i duellspelet. Taklar som ei beltevogn og ofrar alt frå framtenner til kjønnsorgan for å stoppe motstandarane. Farleg på dødball.


Kristian Nornes 5/6

Bra opptreden defensivt id ag og nokre tilløp til gode initiativ framover. Berre synd dan "jævla helvetten" av ein Jølsterkant øydela fotballskoen til Kristian i 2.omgang for var verkeleg i siget då.


Ola Egge Ødegård - 5

Tydeleg at Ola har sove svært lite med ballen under dyna den siste tida for det lugga litt i dag. Spring som vanleg overalt, men tek dette som ein sjølvfølge. Prøver seg på nokre raid nedover høgresida, men må innsjå at han har samme fintereportoar som Jamie Carragher (Dette var vel litt strengt, red.anm)


Olve Øvstetun - 6/7

Fantastisk innsats løpsmessig idag. Spring vanvittig mykje og er óg ein av dei som klarer å holde kula nede på matta. Kan av og til bli flinkare til å slå på 1-touch i trange situasjonar, men dette er for småplukk å regne.


Øystein Wilkensen - 6

Viktig innsats defensivt og veldig god i duellspelet. Trivs godt som einsamt anker utan noken å halde i handa. God med ball og kan med rette bli brukt meir til vending av spel.


Kenneth Nondal - 5

Tydeleg at Kenneth ikkje likte at bana var sopass smal, då Kenneth likar å ha litt plass til å køyre bussen sin. Litt av og på, men tek allikevel dei viktige returløpa defensivt.


Mats Nondal - 5

Litt det samme som med bror Kenneth, men skal ha for ein del fine kombinasjonar på høgresida. Ingenting å seie på innsatsen, men må gjere seg meir gjeldande offensivt.


Arild Underdal - 5

Litt utakknemmeleg jobb som einsam spiss, men løyser det greit, spesielt i 2.omgang. Flink til å sette opp andre og kombinerer fint ein del gongar.

Innbytarar:


Håvard Lilletvedt - 4/5

Ingen lett kamp å vere innbyttar i og Håvard trivst nok bedre når ballen er meir på bakken. Gjer likevel ein heilt grei jobb.


Daniel Fylling - 5
Daniel var litt ute av seg etter at ingen av Fjørareservane ville spela gris med han i pausen. Pluss for kreativitet då han fekk med seg ungdomen på Skei til å skyta på tverliggaren istaden. Fekk prøva seg som spiss på slutten under vanskelege arbeidsvilkår


Roger Hjellhaug - 4/5

Kjem inn som kant. Litt liten tid til å markere seg, men nokre gode involveringar like fullt.

Pauseunderhaldning:

Hepping med unge, lovande Fylling i einsamt majestet. Spelte ball i hatt med ballguttane og sendte dei grinande heimatt. Klar 6ar på ei vanskleg bane og ekkel ball.