[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Troppen mot Sandane

Forfatter: Jan Fuglesteg

17. august 2012

Fotball
News article image

Kveldens tropp mot Sandane er klar og det vert meldt frå Sogndal om at den er fyldig og solid.

 

Ole Morten Kvam og Johan Vorgaard er skada og ikkje med i kveld. Bjarte Hovland er på reise, medan Stian Anhanger Solberg er oppteken med eksamenar. Me meldte at Johan Elverum Salveson spelte sin siste kamp for Fjøra i denne omgang mot Strondi førre fredag, men sidan kampen vart flytta frå sundag til fredag er Johan fortsatt i bygda og er med i troppen.

Fjøra sin solide midtstoppar, Tor Ove Anuglen har returnert til Stord etter ein sesong i Fjøra.

Fjøra sin 17 manns tropp inneheld følgjande spelarar og består av to debutantar i Høvik og Lilletvedt:

Håvard Bøyum
Jørn Kvalvik
Roger Hjellhaug
Ørjan Hjellhaug
Kenneth Nondal
Mats Nondal
Ola Egge Ødegaard
Magnus Hunemo
Johan Elverum Salveson
Daniel Fylling
Torbjørn Ylvisåker
Per Eirik Lunde
Arild Lunde Underdal
Vegard Fardal Nes
Eivind Gjerald
Knut Ola Høvik
Håvard Thunes Lilletvedt

Me ynskjer gutta lukke til i kveld.