Fjøra - Dale 4-0
Forfatter: Fjøra FK
13. juni 2014
Sju strake og ny trepoengar
Fjøra held fram sigersrekka si og tok sin sjuande strake siger med komfortable 4-0 over Dale i kveld. Nok ein gang framstår Fjøra solid defensivt og slepp eigentleg aldri Dale til framfor målet til Espen Staff. Offensivt var det ikkje det heilt store i dag, spesielt førsteomgang var det mykje slurv både i mottak og pasningar. Det tok seg opp ein del i andre omgang og Fjøra har etter kvart stålkontroll på kampen.
Kampens første mål vart sett inn etter 18 minutt av Victor etter flott innlegg av Hjeltnes. Om lag ti minutt seinare hadde Hjeltnes sjølv muligheiten til å auke til 2-0 etter fantastisk klikk-klakk spel på Fjøra si venstreside, men skotet på nesten blank kasse vart redda med eit tigersprang av Dale sin keeper og dermed vart det med det eine målet til pause.
Midt i andre omgang kom Fjøra sitt andre mål og det var innbytar Ole Morten Kvam som slo ein langpasning i bakrom mot Mathias som kom på eit langt løp frå sin backposisjon. Innlegget til Mathias var presist mot Arild som heada ballen kontrollert i mål.
Så, ti minutt før slutt entra superinnbytar Frode Kvåle bana og sette ytterlegare fart i Fjøraangrepet. Like etter var det ein smart cornervariant frå Knut Ola som spelte fri Hjeltnes på sekstenmeteren og Hjeltnes hamra ballen i mål via keeper til 3-0. To minutt før slutt viste Frode Kvåle at han framleis veit kvar målet står då han fekk pirka inn Fjøra sitt fjerde og fastsette sluttresultatet til 4-0.
Ein kamp på det jamne av Fjøra som fekk meir og meir kontroll utover i kampen. Varmen i gryta på Campus må nok ta sin del av skylda for det litt låge tempoet i kampen, men Fjøra kontrollerte og med to kampar meir enn Florø 2 toppar dei no tabellen.
Fjorårets trenar Jens Ivar Nilsen har plukka ut bonuspoeng til desse tre:
Bonus:
3 – Anders Hjeltnes
2 – Torbjørn Ylvisåker
1 – Olve Øvstetun
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 13.06 kl 19:00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Frank Heggestad
Fjøra - Dale 4-0 (1-0)
1-0 18 min Victor Aguiar (Anders Hjeltnes)
2-0 66 min Arild Underdal (Mathias N Nese)
3-0 82 min Anders Hjeltnes (Knut Ola Høvik)
4-0 88 min Frode Kvåle (Olve Øvstetun)
Gult kort: Mathias N Nese, Olve Øvstetun
Fjøra (4-2-3-1):
Espen Staff- Mathias Bladimir N Nese, Per Eirik Lunde (Ole Morten Kvam fra 52.), Torbjørn Ylvisåker, Knut Ripe- Knut Ola Høvik, Kees Erstad- Anders Hjeltnes, Olve Øvstetun, Victor Aguiar (Daniel Fylling fra 73.)- Arild Underdal (Frode Kvåle fra 80.)