[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

SIL 3 - Fjøra FK 3-4

Forfatter: Fjøra FK

03. mai 2013

Fotball
News article image

Fjøra vann fortjent 4-3 over SIL3. Fjøra leda 4-1 før dei brente ein straffe og slapp inn to seine mål.

Fjøra tok tak i kampen frå start og pressa SIL 3 tilbake på bana. Etter kun 5 minutt låg ballen i mål. Ein corner vart slått inn av Kenneth Nondal og høgt over alle raga Per Erik Lunde og stanga ballen i mål. Neste skåring kom etter 18 minuttar. Fjøra kom seg fram på høgresida, og Olve Øvstetun fann pannebrasken til Håvard Lilletvedt som sendte ballen i ein fin boge over son til «Kokken». Dermed stod det 2-0. Defensivt hadde Fjøra full kontroll og offensivt spelte vi til tider god fotball. Ballen gjekk raskt frå mann til mann, langs bakken slik Fjøra ønskjer å spele. Vi skapa ein del nesten-sjansar, men vi var litt unøyaktige på den siste pasninga. Etter 41 min vart ein tversoverpasning på eigen halvdel snappa. Anders Hjeltnes fekk ein enkel jobb med å sette inn ei redusering. Like før omgangen ebba ut vart Arild Underdal spelt opp feilvendt. Han vende fint vekk mann sin og sendte Kenneth Nondal igjennom aleine med keeper. Nondal skar innover i bana og netta sikkert i lengste hjørnet, Fjøra kunne dermed ta pause på stillinga 3-1. Ein omgang som ein kan seie seg bra fornøgd med.

I andre omgang prøvde SIL 3 å presse høgare. Vi kan ikkje sei at dei i særleg grad lukkast med det. Til det var balltempoet vårt so høgt at dei ofte ikkje fekk satt eit sikkeleg press. Samstundes opna det seg rom lenger framme i bana. Hadde vi vore meir nøyaktige kunne vi ha skåra fleire mål. Mange trudde nok det også ville skje då Ole Marius Solberg heade inn det fjerde målet til Fjøra etter 55 minuttar. Like etter fekk Fjøra ein noko billeg straffe etter ei hekting av Arild. Olve tok straffa, men Håvard Mjelleli redda mesterleg. Resten av kampen har Fjøra grei kontroll på, og det blir ein del halvsjansar som kunne resultert i fleire mål.På slutten blir det likevel litt unødvendig spennande etter reduseringar av Nicklas Sjølie på ein corner og eit fint skot av Simen Stølen.

Etter ein skuffande kamp offensivt mot Dale, gjorde det godt med 4 mål og til tider svært godt spel. Våre offensive spelarar, med Kenneth Nondal og Arild Underdal i spissen, viste seg fram meir enn tidlegare og må trekkast fram som Fjøra sine beste. Det var mykje positivt å ta med seg frå kveldens kamp. Vi har høgt balltempo, lagar 4 mål og var gode på eigne dødballar. Dette kan vi bygge vidare på fram mot neste helg når Sandane kjem på besøk. Vi gler oss!

 

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 03.05.13 kl 19.00

Arena: Fosshaugane Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Frank Heggestad, Veitastrond. På linja: Michal Labarca, Alexander Offerdal

Tilskodarar: ca 60

SIL3 - Fjøra 3-4 (1-3)

0-1      5 min Per Eirik Lunde (Kenneth Nondal)

0-2      18 min Håvard Lilletvedt (Olve Øvstetun)

1-2      41 min Anders Hjeltnes

1-3      45 min Kennetnh Nondal (Arild Underdal)

1-4      55 min Ole Marius Solberg (Olve Øvstetun)

2-4      82 min Niklas Sjølie

3-4      90 min Simen Stølen

Gult kort: Per Eirik Lunde, Håvard Lilletvedt, Kristian Nornes, Magnus Hunemo (alle Fjøra), Marius Hellesbust, Rune Aaberge ++(SIL 3)

Fjøra (4-3-3):

Bjarte Hovland- Jørn Kvalvik, Per Eirik Lunde (Eilert Holme fra 74.), Ole Marius Solberg, Kristian Nornes- Olve Øvstetun, Øystein Wilkensen, Håvard Lilletvedt (Magnus Hunemo fra 77.) – Ørjan Hjellhaug (Mats Nondal fra  18.), Arild Underdal, Kenneth Nondal

SIL 3:

Håvard Mjelleli, Marius Hellebust, Niklas Sjølie, Endre Reinås, Mathias Flo, Rune Aaberge, John Jonasdal, Simen Stølen, Fredrik Flo, Anders Hjeltnes, Marius Salomonsen