[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

FJØRA 2015

Forfatter: Fjøra FK

21. mai 2015

Fotball
News article image

Presentasjon av årets Fjørastall

Fjøraposten 2015 er i desse dagar på veg ut i postkassane og der vil du blant anna finna ein fyldig presentasjon av alle spelarane på Fjøra, ført i pennen av Kees Erstad medan han sat på flyet på veg heim fra ferie i Australia. Nedanfor finn du utdrag fra spelarpresentasjonen samt oppsummering av oppkøyringa til Fjøra. Gløym ikkje morgondagens kamp på Campus kl 19:00 mot Florø 3, kva er vel kjekkare å sitta under taket på Campus og sjå lokalfotball medan regnet øsar ned, vel møtt :)

"Forsesongen minutt for minutt

Årets utgangspunkt

Føre denne sesongen av Fjøra Fotballklubb har som kjent sportsleg leiar Jan Rune Årøy utpeikt Håvard Hatle til ny storbonde. Håvard tek med seg ”Tobbe” og ”Arildo” som medhjelparar inn i teamet, og til gjengjeld slepp desse to billegare unna når det kjem til intervalløkter :-)

Med bakgrunn i at Fjøra har henta namnet sitt frå Sogndalsfjøra og hovudtrenar omtalast som storbonde, vil det vere tilnærma historisk korrekt at spelarstallen då reknast som strandsitjarar (gardsarbeidarar).

I Fjøra har storbonden arva ein spelarstall full av kvalitet som han sjølv også har ønska å setje sitt eige preg på. Ikkje ulikt situasjonen i ein annan storklubb som også spelar i raudt, over på dei britiske øyer. Den økonomiske situasjonen i Fjøra er derimot noko svakare enn i Mæn Juneited og sjølv om Årøy bokstaveleg tala sikkert ønskjer å tømme banken (Sparebanken Sogn og Fjoradn), har han iallfall greidd å framskaffe penn og papir (med sparebanken sin logo) for å signere 5 nye spelarar føre årets sesong. Samstundes har Årøy vore svært forsiktig ved å berre opne eit overgangsvindauge i gongen, for å hindre gjennomtrekk. Dette gjer til at ingen av spelarane som avslutta fjorårssesongen har forlete klubben i løpet av vinteren. Årets, på papiret, sterke gruppe av strandsitjarar kan difor presenterast på følgjande vis:

Årets strandsitjarar
Radarparet

Til å stenge buret stiller Fjøra med same keeper-par som avslutta sesongen i fjor. Espen Staff byrjar å pådra seg både rutine og enkelte innslag av sognamaol. Dette kjem godt med då ein keeper som skal dirigere eit lag på vestsida av langfjella vil oppleve langt større respekt med å nytte brautande sognagloser, framfor det misforstått forfina og forelda danske potetspråket dei nyttar på austlandet. Staff er ein keepertype som presterar jamt godt, men har absolutt inne eit toppnivå der han stenger buret, sløkkjer lyset og seier takk for i dag.

Under sine "venger" har Staff den unge Andreas Horvei, endå ein ny spennande keeper i Fjøra som er "made in Sogn". 17-åringen Horvei kjem frå verdskjende Aurland ved feil ende av Lærdalstunnelen og har sine styrker i rekkevidde og vinnarvilje. Sjølvtilliten har også stige fleire hakk etter at det vart slutt på "firkant" som oppvarming. Her måtte Horvei sjå at det slapp fleire ballar mellom beina hans enn hjå ei nigeriansk nattarbeidar i Oslo. Det gode keepersamarbeidet på Fjøra-trening kan ofte observerast der Staff lærer unna det keepertekniske medan Horvei tek ansvar for at sogneglosene sit som dei skal.

Skroget
I årets forsvarsrekke er det mykje "godt og blanda". Kamferdropsen er representert ved Torbjørn (Tobbe) Ylvisåker som går på sin 49. sesong for Fjøra. Iallefall kan ein lett få inntrykk av det. Tobbe har sett, gjort og repetert alle feil som kan gjerast på ei fotballbane. Han har slik opparbeida seg ei rutine som gjer til at han lett kompenserar for manglande fart, gikt, sviktande potens og minstepensjon. Leverte ein meir enn godkjent sesong i fjor og siktar seg nok inn på eit tosifra tal kampar i år også.

Ole Morten Kvam har og vore med så lenge at det luktar kamferdrops og pensjonspoeng lang veg. Er diverre svært skadeutsett og hadde nok gjerne spelt med stokk dersom det var lov. Kvam er av den rasen som er født (?) med såpass høgde at han aldri har funne det naudsynt å kunne hoppe for å vinne hovudduellar. Har elles ein slik ro i spelet at det verkar som om han finn det kjedeleg å berre kunne få bruke ein ball om gongen.

Felles systrending med Kvam er Per Erik Lunde. I godteposen kan Lunde gjerne samanliknast med tyrkisk peppar. Roleg, snill og god på utsida, men når det kjem til kamp forsvinn alt dette til fordel (Fjøra sin fordel) for ein eksplosiv blanding av musklar, vinnarvilje og ei "takle først - spør etterpå"-haldning, som vil sende dei fleste motspelarar i fosterstilling. Ein stoppar av den gode, gamle engelske klassen, som tok store positive steg i fjor. Lunde "vann" i fjor årets råtass på Fjøra-laget og det vil overraske stort om han ikkje vert nominert til denne prisen i år også.

Når det gjeld prisen for årets strongman får Lunde derimot sterk konkurranse av Knut Ripe. Heime på fjellgarden i Jølster vart Ripe frå tidleg av oppfostra på klassisk bondekost med geitemjølk, byggraut og kalvegodt. Kvar dag måtte Ripe springe dei 8 km til barneskulen, før han på ettermiddagsreturen bar med seg heim 20 kg-sekkar med hønsefôr frå den lokale kjøpmannen. Då garden etterkvart fekk vegtilkomst erkjente Ripe at hans oppgåve var fullført, og med snippeska på ryggen gjekk han langt om lenge og lengre enn langt før han til slutt fann idrettssenteret her i Sogndal (men det er ei anna historie). Ripe er ein såpass sindig kar og habil fotballspelar at han har utført kapteinsvervet i nokre av årets treningskampar. Denne rolla kan han fort også vidareføre gjennom sesongen, særleg fordi bicepsen hans no har utvida kapteinsbindet utover det nokon andre på laget kan matche.

Bringebærdropset i forsvarsrekka fell naturleg til Sindre Sanden. Dette er dropset som sjeldan gjer mykje ut av seg, men som alle liker, og når den ikkje er med er det noko vesentleg som manglar. Den blide og joviale askøyværingen Sanden må utan tvil vere kjærleiksbarnet til dei gamle egyptarane si solgudinne Sekhmet og den bergenske fotballguden Roald "Kniksen" Jensen. Når såre okler ikkje hemmar fotballforma er det få, om ingen, backar i Noreg med eit høgare ferdigheitsnivå enn Sindre.

Med godteri er det som oftast slik at for kvar sesong lanserast det alltid nye smakar, som ein håper skal bli nye favorittar. Slik er det også i Fjøra. Ekstra kjekt er det då at årets "nye smakar" er lokalt produserte i Sogn. Elias Saltnes er ikkje eldre enn 17-år og har i tråd med norsk lovverk difor aldri drukke alkohol, sett filmar med 18-års grense eller betalt full takst på bussen. Derimot har han i over eit år hatt lov til å nyte andre av livets frukter, noko denne sjarmøren heilt sikkert har visst å utnytte. Dersom Elias si frekke og elegante utføring av brassesparket mot Florø 2 er eit eksempel på korleis han pleier å skåre, ventar det han mykje moro i sesongen 2015. Forhåpentlegvis skårar han også nokre fleire mål for Fjøra.

Dei to andre tilskota er Erik og Eirik, eller var det Erik og Erik?! For eit utrena auge er det heller ikkje lett å sjå forskjell på dei i utsjånad eller spelestil.  Begge rasar opp og ned sidelinja frå kvar sin backposisjon. Likskapen gjev assosiasjonar til suksessfulle backpar som brørne Neville eller da Silva. Treningskampen mot Florø 2 avslørte likevel skilnadar på Erik og Erik. Erik ”Luka” Fossnes har gjort seg fortent til mellomnamnet då han minst 2 gongar audmjuka Florø-spelarane med tunnel og påfølgande raid. Erik ”Taxi” Loftesnes nytta løpskapasiteten sin til å herje med høgresida til Florø, og både back og kantspelar vart ståande fortvila å sjå på kvarandre kven som skulle halde følgje.

Maskinrommet
Det å få oversyn over og velje i utvalet av spelarar i midtbane-leddet til Fjøra må tilsvare følelsen av å logge på Netflix for første gang og prøve å bestemme seg for kva ein har mest lyst å sjå. Årets headliner er naturleg nok Gøran Wigum sin tilbakekomst frå Kongsvinger. Gøran kjem med eit solid manus og har allereie levert på høgt nivå. Når han no returnerar nedover i divisjonssystemet til Fjøra, kjem han med dei same forventingane som følgjer nye sesongar av Game of Thrones. Fansen veit at dette vert bra. Gøran er også henta for å vere støttekontakt for Tommy Øren, som kjende seg einsam som einaste årdøl i klubben. Men dette er nok eit sjansespel då Tommy er frå Tangen og Gøran er frå Øvre. Her kan det verte snakk om solid kulturkrasj!

Tommy er Fjøra sitt svar på nyskapinga av Twin Peaks. Dei tidlegare sesongane i kultserien legg grunnlag for høge forventingar, men mange år er gått sidan då, kan ein ny sesong tilfredsstille det dedikerte publikummet?! På trening har Tommy levd opp til uttrykket "form is temporary, class is permanent". Han briljerar med ball i beina, medan det framleis er noko forbetringspotensiale i returløpa. Uansett, skulle Tommy og Rekdal møtt kvarandre til ny duell i dag hadde vi alle satt pengane våre på Tommy. Det hadde nok Rekdal også, sidan han er så flink til å tippe.

Som sagt kan likevel også resten av midtbana til Fjøra levere på eit høgt nivå. Håvard Lilletvedt, også kalt luftens baron, er den leikne bergensaren som likar seg best vendt framover med ball i bein. Håvard finn det viktig å heile tida vere spelbar og tilgjengeleg, så på fritida nyttar han stadig snapchat til å orientere medspelarane om sine bevegelsar. Spesielt artig finn Håvard det å fortelle om sine "bowel movements" frå toalettsetet. Personlegdommen til Håvard gjev deg den same feel-good kjensla som ein får av å sjå opp att gamle Friends-episodar.

Den siste bergensaren i årets Fjøra-stall er mannen med den låge fettprosenten og den særprega ariske utsjånaden, Steffen "Bladerunner" Olsen. Det særeiegne løpesettet, særskild i returløpa, gjorde til at lensmannen i Sogndal kom på vitjing i ein treningskamp, etter anonyme tips om at Bladerunner var på flukt frå høgrisikoavdelinga i Vik fengsel. Tidleg i oppkøyringa synte Olsen så gode takter at ordet på Gravensteinsgata var at Real Madrid vurderte Olsen som ein fullverdig erstatning, dersom dei ikkje hadde fått ordna barnehageplass til ein viss Ødegaard. Olsen er oftast den spelaren med flest kvinnelege tilhengjarar på tribuna, men dei tilbakevendande skadeproblema gjer til at jentene innimellom reiser heim med den same skuffa følelsen som etter å ha sett Fifty Shades of Grey - det var bra, men dei vart ikkje heilt tilfredsstilt.

Definisjonen på skadeutsett i Fjøra-laget må derimot gå til Ole Martin "Mini" Bolseth. Jølstringen var nære på å slå igjennom i 2. divisjon for Førde då skademarerittet byrja. Utan Mini vart det nedrykk for Førde den sesongen. Også i Fjøra har det store gjennombrotet latt vente på seg på grunn av skadar, men i sine gode periodar syner han eit høgare enn 4. divisjon. Den hyppige skadefrekvensen til Mini gjer til at han har ufrivillig mykje tid til å dyrke andre hobbyar. Som ein av dei få på laget med anstendig skjeggvekst har han difor grodd eit fullskjegg som han 3 gongar i veka handklypper, vaskar og friserar. Dette er ein prosess som tek omtrent to timar kvar gong, men resultatet er framifrå. Fotballmessig burde Mini sin fotballkarriere hatt potensiale til å følgje den same utviklinga som Emma Watson gjennom Harry Potter-filmane. Frå det unge og sjarmerande talentet fram til dei begge slo ut vengjene og flaksa suksessfulle ut i verda som dei nydelegaste sommarfuglar.

Ein som derimot motarbeidar uttrykket "form is temporary, class is permanent" er Kees Erstad. Evigheitsmaskina frå Fjaler har vel aldri markert seg særleg i den estetiske delen av spelet og kompenserar i staden dette med løpskraft, stå-på-vilje og lagånd. Har ved fleire høve vorte samanlikna med Helge Haugen, men har nok "utvikla" seg meir mot ein Vinnie Jones-type. Til skilnad frå Jones har Kees derimot ingen evner som tilseier ein framtid som skodespelar etter at restane av leggskinna vert lagt på hylla. Kees fungerar nok best i same rolle som Dynamitt-Harry i Olsenbanden - den som kan tilføre laget kraftigare eksplosiv for at puslebitane i operasjonen skal falle på plass.

Fjøraspelaren med færrast fotballtouch i sesongoppkøyringa er likevel fjorårets kaptein Knut Ola Høvik. Etter at fjorårssesongen vart avslutta har Knut Ola "tatt ein Tim Wiese" og nytta all fritid til styrketrening. Det store målet med dette treningsarbeidet var julecupen i Surnadal der, den tidlegare spinkle, kjøpmannssonen skulle ta både fotballen og festen med storm. Skal ein sjekke damer på byen i Surnadal gjerast dette ved å utfordre dei til handbak, "slå på knok", eller dersom ein er ute etter dei mest attråverdige jentene, bryting. Lite hugsar Knut Ola av festen, men han vakna opp åleine på guterommet med dobbeltsidig skiveprolaps i ryggen samt kronisk låsing i bekkenregionen. Sjølv om Knut Ola nyt den vekesvise massasjen hjå fysioterapeut er det å håpe at han snart får ein "happy ending" som leiar han tilbake på fotballbana. Skulle Knut Ola sin fotballkarriere ende slik ville det skapt meir uforståeleg frustrasjon og sorg hjå fansen enn då Kate Winslet breia seg slik på flåten at det likevel ikkje vart plass til Leonardo di Caprio og han difor forsvann i det iskalde djupet saman med Titanic.                                                                                                                                                                                        

Artilleriet                             
På topp har Fjøra i år eit slikt utval i kvantitet og kvalitet at angrepsrekkjene til Real Madrid og Barcelona synast som desorienterte smågutespelarar på Sognefjord Cup. Å spele mot fjorårets toppscorar i 4. divisjon Anders Hjeltnes er som å balansere i 90 minutt på flytande tømmerstokkar i habitatet til ei 6 meter lang saltvasskrokodille. Du veit ikkje alltid kvar den der, og dersom du ser den, ligg den gjerne tilsynelatande uinteressert og observerar deg. Det som derimot er garantert er at dersom du trakkar det minste steg feil vil Hjeltnes vere over deg med det same, reise av stad med ballen og legge den trygt i mål, medan du framleis står og tel over alle kroppsdelar og prisar deg lukkeleg over at han faktisk ikkje er ei krokodille.     

Den siste av Fjøra sin gamle travarar er Arild "Arildo" Underdal, spisslegenda frå Jølster. Arildo er levande prov på at ein er berre så gamal som ein sjølv føler seg. I leggane føler Arildo seg som ein 70-åring medan i resten av kroppen og tankesettet kjenner han seg framleis så ung og viril at han uoppfordra syner legitimasjon kvar gong han skal på puben. Til liks med ein leopard-sel kan Arildo verke heilt ufarleg og godhjerta fram til han rutinemessig kastar seg over dei rette situasjonane og forårsakar kaos og dødsangst i dei mest solide forsvarsrekker.

For dei forsvararane som framleis måtte stå på beina er dei no lette bytte for dei tre svoltne alternativa som gjerne herjar ute på kanten. Mette vert ingen av dei før forsvararane har vore oppe i pølsebua ein 3-4 gongar kvar i løpet av kampen. Sindre Rørvik opptrer som geparden på savannen i Afrika. Intetanande og uvitande om den potensielle fara kan forsvararane føle seg trygge med 10 meter sikring til Sindre før han eksploderar og er forbi med 3 meter klaring på dei første 15 meterane. Sindre kom frå Kaupanger før denne sesongen og sidan han er både lynrask og noko sjenert var det ikkje lett å helse på og verte kjend med kaupingen. Til slutt tok Per ansvar og klyppa han ned slik at vi alle fekk høve til å ønske Sindre velkommen til Fjøra. Også på heimebane kjem Sindre raskt og i vår kunne vi gratulere han som tobarnsfar.

Victor Aguiar er vårt latinske alibi og den einaste spelaren på Fjøra utan norsk pass. Portugisaren er oppvaksen på Madeira, same øy som ein viss Cristiano Ronaldo kjem frå. Trass i den naturlege samanlikninga med Ronaldo kan ein lett også dra parallellar til Maradona då Victor ikkje er framand for å nytte hendene for å få dytta ballen i mål. Sjølv om Victor er ein talentfull herremann på fotballbana er det i Sogndal sitt yrande uteliv Victor er på sitt giftigaste. Lydlaust som ein hai smyg han seg mellom og rundt stimar av jenter som har våga seg ut i nattemørket. Den mørkare latinske hudfargen gjev Victor naturleg kamuflasje blant dei dunkle lysa på Meieriet og jentene får ingen forvarsel om kva som er i ferd med å hende før det plutseleg glinsar i kritkvite tenner og Victor lammar offeret med sin sjarmerande norsk.

Ein annan som trivast i det våte element er felles playboy og røyrleggjar Mats Nondal. Sidan ein korsbandskade råka Mats for snart 2 år sidan er dette sesongen han endeleg er tilbake for fullt. Der Mats i byrjinga var forsiktig og keitete som hjå ein nyklekka andunge er no steget og vendingane like grasiøse som hjå ein katt. Trass i å vere ein av dei mindre spelarane på Fjøra har han utvilsamt det hardaste og mest presise tilslaget på ballen. Får Mats fritt leide frå 20 meter og inn er sjansen for skåring tilnærma like stor som katten har for å fange fisk i eit akvarium.

Treningane

Sognamaol og -utrykk er etter kvart no igjen dominerande i treningskvardagen. Det er ein eigen sjarm med sveitte sogningar som spring etter ein ball medan dei snøftar og roper på eit språk som berre dei sjølv latar til å forstå. Til tider verkar det som om taktikken enkelt og greitt er å bjeffe høgt nok til at ballen av eige initiativ skal finne vegen i mål.

Stikkordet for dei 3 innleiande månedane med trening har vore intensitet og trøkk. Til tider har det slått gnistar i duellane og lukta svidd gummi i kunstgrasdekket etter susande sklitaklingar. Der strandsitjarane står fram som menn på trening er det stadfesta fleire som i smerte har grått seg gjennom pinefulle dusjar med vatn på brannsår, etter øktene. Då Tobbe ikkje alltid sjølv deltek på spelsekvensane har han fått sjansen til å prøve seg som dommar i høg temperatur, dette med vekslande hell. Ved eit tilfelle måtte storbonden Hatle avslutte økta med nokre velvalde ord om at dersom spelargruppa brukte like mykje energi på å spele fotball, som dei brukte på Tobbe som dommar, kunne han personleg garantere at Fjøra ville spele tippeliga innan 4 år.

Tobbe har saman med Per elles komme i fokus på grunn av sine nye sko, der det eine paret er signalraudt og det andre har ein nyanse av korallblått. Ein særskild spesiell kombinasjon for ein stopparduo. Derimot hadde begge to utan tvil og bokstaveleg tala glidd umerka inn i baktroppen til årets Stockholm Pride Parade. Mats har derimot fokus på andre detaljar, og ønskjer meir fokus på avslutningstrening. Dette var hans umiddelbare konklusjon rett etter at han eigenhendig skaut vekk alle  ballane i løpet av ei speløkt. Dette framlegget vart umiddelbart støtta av Campus Challenge-gjengen som prøvde å gjennomføre ei crossfit-økt i det dei i ettertid omtala som ”ei krigssone”, bak målet.

Treningskampane

Slik som dei fleste andre store klubbar nyttar Fjøra forsesongen til å reise ut frå dei vante heimlege fasilitetane for å møte klubben sin store fanskare ute i distriktet. I det følgjande oppsummerast det mest uviktige frå hovudparten av kampane.

Først ut var Florø 2 og Fjøra var ute etter å syne at det var ”feil” lag som rykka opp frå 4. divisjon førre sesong. Sjølv med eit halvt lag ute med skader og sjukdom gjekk strandsitjarane rett i strupen på dei ambisiøse florøværingane som (som vanleg) vart ståande att og ynke seg då ting ikkje gjekk deira veg. Før kampen klaga Hjeltnes over influensa, men det hadde tydelegvis ikkje spreidd seg til høgrefoten som leikande lett la ballen i hjørnet frå 30 meter med keeper sprellande på bakken. Kampens høgdepunkt! Per var elles også storfornøgd med å ha fått årets første gule ”kjeks”, då han sjølvsagt satsar på å toppe kortstatistikken i år også!

Neste motstandar ut var Årdal, solid motstand, men storbonden Hatle hadde likevel ambisjonar om at Fjøra-laget skulle overraske i dette lokalderbyet, ”by mot industribygd”. No var det likevel slik at storbonden hadde vore i nordsjøen dei siste to vekene. Ikkje veit vi kva han gjorde der, men vi konstaterar at oljeprisane stupte i løpet av denne tida. Uansett, i løpet av desse vekene hadde tydelegvis strandsitjarane bestemt seg for sin eigen kampplan, nemleg å teste laget sitt botnnivå. Denne planen følgde laget til punkt og prikke og det vart ein god referanse på kvar laget står, når vi står.

Dagen etter Årdal-kampen venta utanlandsk motstand, nemleg Follese frå Bergen. Med to kampar på to dagar var det ein brei Fjøratropp som stilte før kamp, og det verka som om det var fleire som hadde vore heime og ”snudd kjerringa” i løpet av natta. Både Steffen ”Bladerunner”, Håvard og Sindre storkosa seg i denne kampen då dei endeleg fekk høve til å prate morsmålet og høyre nytt frå heimlandet. Follese hadde lagt mykje i å vere maks førebudde til denne kampen og reiste til saftbygda allereie 3 dagar i førevegen for å få reisa ut av beina og bli vandt til både kampdekket og klimaet i Sognahallen. Forhåpentlegvis er det eit godt omen for oppgjera mellom Sogndal og Brann i glamorøse Obos-ligaen, at sogningane i denne kampen sendte bergenserane ”hem ” med 3-1 i sekken. Tom var så nøgd og smørblid med resultatet at han like så godt reiste innom garderoben og takka for kampen til forfjamsa Hødd-spelarar som satt og gjorde seg klare til eit seinare oppgjer mot Sogndal.

Seinare var det Fjøra sin tur å reise til returoppgjer i Årdal, og det å køyre innover dei mørke fjordane med høge og bratte grå fjellskråningar framtvang tilnærma like dystre følelsar som det Frodo og Sam hadde då dei tok seg inn i Mordor. Men "The flame of Årdal" er nedlagd av Norsk Hydro og vi vart i staden synt same gjestfridom som vi sjølv tok i mot dei med 3 veker før. Vi som veloppdregne "byfolk" forsynte oss likevel mindre frå kakefatet og nøgde oss med ein 1-2 siger. Årdal bør nok likevel heve seg noko til sesongen skal dei få høve til å tape mot oss i 3. divisjon i 2016.

Ny bortekamp venta deretter mot Eid, eit lag som, med utgangpunkt i treningskampane hittil, verkar så ustabile i prestasjonane at dei lett kan forvekslast med eit kvart vilkårleg Tippeligalag (med unntak av Molde). For strandsitjarane sin del hadde det lite å sei då vi sjølv ikkje var "på" og laget frå den tidlegare sirkusbygda fekk spasere inn ein 2-0 siger til lett applaus frå blaserte tilskodarar som nok endå saknar både Dumbo, sukkerspinn på tysdagar og kakekasting mellom austeuropeiske klovnar. For vår del var det endå meir skuffande å konstatere at heller ikkje ferjeturen vert eit høgdepunkt på reisene til Nordfjord seinare i sesongen, då Lote - Anda er ein av rutene der det ikkje lenger er mogeleg å kjøpe ferjesvele.

Alt i alt har det vore ei intensiv oppkøyring med solide motstandarar for Fjøra. Forhåpentlegvis har dette gjeve meirsmak slik at strandsitjarane i år bestemmer seg for å ”gjere seg ferdig” med 4. divisjon for denne gong og kan sjå fram til å ta i mot Årdal, Eid og Stryn til teljande kampar i 2016."