[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Tap mot Sandane

Forfatter: Jan Fuglesteg

21. august 2012

Fotball
News article image

Fjøra tapte toppkampen heime mot Sandane fredagskvelden. Fjøra var to gonger i leiinga, men glopparane kom attende og snudde kampen til sin fordel.

 
Me har fått følgjande kommentar frå trenar Kjell Ertesvåg:

" Dette var skuffande, me gjer ein god 1. omgang der me har god kontroll. Sandane utliknar til 1-1 like etter pause og dermed inne i kampen att. Når me går opp i 2-1 leiing er eg trygg på at denne kampen ville me vinne. Sandane har ein imponerande moral i laget der alle jobba hardt for kvarandre, og eit spisspar med brødrene Wie som er giftige. Dei laga trøbbel for oss på deira kontringar, og når  Sandane for ofte får spelt for lett gjennom oss i midtbane- og forsvarsleddet får dei den den plassen dei treng for å skåre.

FFK-Sandane var ein god og underhaldande 4.divisjonskamp, diverre bikka den feil veg for vår del.

Etter 10 kampar utan tap, kom tapet, og nok ein gong var det Sandane som slo oss. No handlar det om nullstilling og gode treningar komande veke. Neste laurdag møter me KIL, me gledar oss allereie! "


KAMPFAKTA

Fjøra FK - Sandane T&IL  2-3 (1-0)

Mål
1-0, Mats Nondal, 22 min
1-1, Martin Sivertsen, 47 min
2-1, Roger Hjellhaug, 55 min
2-2, Ruben Wie, 59 min
2-3, Mats Wie, 70 min

Gult kort
Ingen

Domartrio
Ragnar Åmot, Jølster IL. Assistentar: Bjarne Bergheim, Breimsbygda IL og Brede Nymark, Sogndal IL.

Tilskodarar
Ca 70 stk

Fjøra (4-4-1-1): Håvard Bøyum - Jørn Kvalvik, Vegard Fardal Nes, Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug - Ørjan Hjellhaug (Kenneth Nondal frå 56. min), Mats Nondal (Magnus Hunemo frå 70. min), Ola Egge Ødegaard, Daniel Fylling - Arild Lunde Underdal (Håvard Lilletvedt frå 83. min) - Eivind Gjerald (Knut Ola Høvik frå 60. min)

Sandane (4-4-1-1): Simon Gimmestad - Espen Fonn Sårheim (Kristian Rygg frå 46. min), Håkon Schjølberg, Andreas B. Vereide, Martin Sivertsen - Erlend Ødven Laurhammer, Torgeir Apalseth, Ingebjørn Mundal (Jonas Denk frå 78. min), Mads Wie - Aaron Nyemah - Ruben Wie